INKO-konferansen: Inkluderingskompetanse i utvikling

Korleis skaper vi eit arbeidsliv der alle får høve til å bidra? INKO-konferansen i år set søkelys på korleis vi kan styrke kompetansen for inkluderande arbeidsliv. – Jobb er meir enn lønn, seier ein av hovudforedragshaldarane.

Robert Cimera er professor i spesialpedagogikk frå USA, og har forska på tilrettelagt arbeid (supported employment) i over to tiår.

– Å ha ein jobb handlar om meir enn berre lønn, det gir deg ei kjensle av meining, seier Cimera.

I november kjem han til INKO-konferansen for å halde to innlegg. Det første vil fokusere på utfordringane tilrettelagt arbeid har møtt i USA, mens det andre ser på måtar å overvinne dei. 

– Ei av utfordringane er at finansieringa for å støtte arbeidsinkludering har blitt kutta dramatisk, seier Cimera.

Han vil også dele innsikt om utviklinga til feltet og kva som må til for å sikre framtidig suksess.

Portrettbilde av professor Robert Cimera

– Å ha ein jobb handlar om meir enn berre lønn, det gir deg ei kjensle av meining, seier professor Robert Cimera. Foto: Privat

Oppdaga feltet ved eit slumpetreff

– Opphavleg studerte eg for å bli historielærar, men fann ikkje jobb. Då eg søkte på ein annonse for lærarar, viste det seg å vere eit yrkesprogram for personar med funksjonsnedsettingar. Eg visste ingenting om feltet, men opplevde arbeidde som meiningsfullt og blei verande, seier han. 

Etter kvart tok han både mastergrad og doktorgrad i spesialpedagogikk.

– Det er vanskeleg å leve eit godt liv når ein er fysisk og sosialt isolert. Arbeid gir ikkje berre inntekt, men også høve til å sosialisere, knyte vennskap og oppleve sjølvverd, seier han.

Moglegheiter dei kommande åra

Trass i utfordringar, har Cimera stor tru på framtida for tilrettelagt arbeid – også i Noreg.

– Heilskapleg sett er det eit svært vellykka program, både frå perspektivet til arbeidstakarane og skattebetalarane.

Framover meiner han feltet bør vere i kontinuerleg utvikling, framme innovasjon og ta avgjerder basert på forsking.

– Den viktigaste faktoren er å heile tida finne måtar å forbetre programma på – for både arbeidstakarar med funksjonsnedsettingar, arbeidsgivarar og samfunnet, seier han.

Professoren vektlegg at når statleg støtte blir kutta, må ein tenke nytt:

– Korleis kan vi få fleire arbeidsgivarar til å vere villige til å tilsette personar med funksjonsnedsettingar?

Cimera ser fram til å møte kollegaer, og dele erfaringar på konferansen.

–  Det er fantastisk å vere i Noreg, eg kjenner meg så trygg, seier norsk-amerikanaren.

Om INKO-konferansen:

Sjå heile programmet og meld deg på (inkokonferansen.no)

Kontakt

Laster inn ...

Mer om KAI

  • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)

    Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og NAV. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.

Publisert: 05.11.2025 | Tove R. Nilsen |