Korleis utviklar vi betre velferdstenester?

Det er viktigare enn nokon gong å byggje bru mellom akademia og kommunal sektoren.

Ressursmangel, auke i komplekse sjukdommar, fleire eldre og færre yngre og stort press på velferdstenestene skaper eit behov for meir samarbeid mellom akademia og kommunesektoren.

– Norske kommunar må raskt finne nye løysingar på korleis velferdstenestene kan leverast. Dei har også viktige roller i det grøne skiftet og arbeidde med klimatilpassing. Sjølv om kommunane sjølv driv mykje godt innovasjonsarbeid, er det viktig med samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling saman med akademia, seiar Annhild Mosdøl, Prosjektleiar universitetsbyen Lillestrøm.

Konferansen Arena Unikom illustrerte korleis gode samarbeid mellom kommunar og akademia bidreg til å styrkje og effektivisera velferdstenestene i praksis, men viste også kva barrierar som må brytast for å få til endå betre samarbeid.

Forsking som kjem samfunnet til gode

Målet for samarbeida er å finne løysingar på reelle behov kommunane har.

Kommunane ønskjer meir involvering i forskingsprosjekta, noko som også er ønskjeleg frå forskarane. Målet framover er derfor å inkludere kommunane endå meir i forskingsprosessen.

Resultata blir verdifulle for både kommunar og akademia. Forskingsresultata blir nyttige for kommunane og ettertrakta i velferdstenestene. Resultata skal brukast i praksis og skal gi nye løysingar på velkjende utfordringane.

Blir i stor grad prioritert

Samarbeidsarenaen til kommunane for forsking (KSF) vart nyleg etablert. Dei lagar ein overordna strategi for forskingsarbeid mellom kommunar og i samarbeid med akademia. Etableringa av KSF sender eit signal om at samarbeid for og med kommunane blir i stor grad prioritert.

Bente Joten Skog ser på presentasjonen ho viser fram på Arena Unikom

Bente Joten Skog, prosjektleiar, Kommunenes samarbeidsarena for forsking og spesialrådgivar fra KS.

– Det kan vere utfordrande å få til likeverdige samarbeid mellom kommunane og forskingsinstitusjonar. På Arena Unikom ønskte vi vise fram konkrete døme på dei samarbeida i praksis. Målet var at deltakarane skulle få innblikk i korleis andre arbeidde saman og bli inspirerte til å utvikle fleire nye samarbeid, seiar Mosdøl.

Ingen straumlinja prosess

Det er ikkje alltid ein straumlinja prosess som gjer at ulike sektorar møtest. Det er i uformelle møte og på stader kor felles interesser blir diskuterte at samarbeid oppstår. Utfordringa er å møte dei rette personane.

– Det er ofte ei rekkje av tilfeldige møte som gjer at ein finn felles grunnlag for samarbeid. Det er folk som kjenner folk som utgjer samarbeida. Målet med Arena Unikom var å lage ein møteplass der vi kan bli kjende på tvers av kommunesektoren og akademia, seier Vibeke Telle-Hansen, professor i ernæring og fagleg ansvarlig for Intelligent helse satsinga, OsloMet.

Må tette kunnskapsgapet

Kommunesektoren og akademia sit på mykje kunnskap kvar for seg. Eit døme som teikna kunnskapsgapet mellom samarbeidspartnarane på Arena Unikom var: På den eine sida av brua står kommunane og lurer på korleis forskinga skal implementerast, på den andre sida spør forskarane om kva forskinga seier om implementeringa.

Ein del av arbeidet ligg i å tette kunnskapsgapet. Resultatet vil gi betre samarbeid som har potensiale til å løfte velferdsforskinga.

Cille Hagland Sevild og Maria Bjerk presenterer sitt prosjektet

Cille Hagland Sevild, prosjektleiar, Klyngesamarbeidet i Sør-Rogaland og Maria Bjerk, forskar, Folkehelseinstituttet

Det må jobbast strategisk frå begge leirar for å få til langsiktige samarbeid som gir likeverdig utbytte. Målet er at det blir produsert ny kunnskap og blir utvikla gode tenester.

Slik blir det gjort i praksis

Det er mange døme på korleis kommunar og akademia kan samarbeide i praksis. Det finst ulike samarbeidsformer som allereie teke i bruk mellom kommunar og akademia.

– Gjennom å dele kunnskap og jobbe mot eit felles mål, skapast løysingar som kjem samfunnet til gode, avsluttar Telle-Hansen.

Publisert: 19.12.2024 |