Brodtkorb, som har følgt utviklinga innan dette feltet, reflekterte på konferansen der leiande ekspertar var samla, over den raske framgangen vi ser i teknologien si verd, der banebrytande innovasjonar raskt kan bli rekna som museumsgjenstandar.
Brodtkorb samanlikna kvantedatabehandling med korleis bilen har transformert samfunnet totalt.
Han understreka korleis kvantedatabehandling har potensial til å endre sektorar som transport, helsevesen og bygg innan få år. Det er snakk om ei utvikling som kan skje på kort tid, med estimat som spenner frå nokre år til tiår.
Noreg bør vere frampå, og det bør investerast meir
Brodtkorb var særleg oppteken av Noreg sin posisjon på det globale kartet innan kvantedatabehandling. Trass i det store potensialet, er Noreg sine investeringar i kvanteteknologi relativt små samanlikna med nivå vi ser globalt, og det kan ta tid før vi kan hauste fruktene av investeringane.
Det har likevel fått auka merksemd dei siste åra, og investeringane har teke seg opp samanlikna med tidlegare år.
Brodtkorb viste til Arendalsveka i 2024, der norske politikarar diskuterte kor viktig kvantedatabehandling er, og no er det faste løyvingar på statsbudsjettet til Forskingsrådet til satsing på kvanteteknologi. Vonleg vil det også ta ein større plass i den offentlege debatten, som til dømes i Arendalsveka.
Dette handlar nemleg om kva Noreg skal leve av i framtida, då inntektene frå oljeproduksjon vil bli mindre.
Naudsynt å satse på utdanning
– Det er naudsynt med ein strategi for utdanning og utvikling av talent innan kvantedatabehandling, seier Brodtkorb.
Han framheva kor viktig det er å utdanne både den eksisterande arbeidsstyrken og den generelle befolkninga om kva kvantedatabehandling vil få å seie, slik vi allereie har gjort med kunstig intelligens.
– Ålmenta har framleis lita forståing av kvantedatabehandling, og eg oppmodar til å auke kunnskapen og engasjementet for denne teknologien.
Vidareutdanningsemnet «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne» på OsloMet, som no er i gang, er eit forsøk på å gjere noko med dette, i tillegg til eksisterande emne på bachelor- og masternivå.
Brodtkorb foreslo elles å skape eit utdanningsløp som inkluderer grunnleggande forsking og praktisk bruk av teknologien, og sikre tilgang til nødvendig maskinvare-infrastruktur på europeisk nivå.
Eit av hovudmåla med OsloMet kvantehub er nettopp å utvikle menneskelege talent på dette området. Det er viktig å satse på det no, for det kan ta tid å få resultat av utdanning og forsking.
Ta del i kvantebølgja for å unngå å bli overkøyrd
Brodtkorb konkluderte med ei oppmoding til å ta del i «kvantebølgja», og ikkje bli overkøyrd av utviklinga i resten av verda.
– I ei tid med minkande oljeinntekter er det avgjerande for Noreg å bygge kunnskap og talent innan kvantedatabehandling for å sikre ei berekraftig og teknologisk avansert framtid.
Andre Brodtkorb er instituttleiar på Institutt for informasjonsteknologi ved OsloMet.
OsloMet kvantehub har vore med på å arrangere konferansen QIT Norway, som vart halden i Oslo 12. og 13. mai 2025. QiT står for «Quantum Information Technology».
Biletet øvst i artikkelen viser Andre Brodtkorb på QiT-konferansen.
Kontakt
Meir om kvanteteknologi og kvantedatabehandling
Divisjonsdirektør ved Simula, Are Magnus Bruaset, er tilsett som professor II ved OsloMet. Samarbeidet skal få kvanteteknologi på forskingsagendaen.

Martin og Gunn Heidi håpar fleire får auga opp for kvantefysikken. Dei er begge studentar på vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne».

Regjeringa var godt representert då dei besøkte OsloMet for å presentere ei årleg satsing på 70 millionar kroner til forsking på kvanteteknologi.