Introduksjon til kvanteverda for nyfikne

Videreutdanning

Lær meir om kvanterevolusjonen, som kan endre verda. Høver for deg som er interessert, utan krav til førekunnskapar.

  • Opptakskrav

    For å søkja på dette programmet må du 

    Ein viss kjennskap til grunnleggande fysikk og omgrep som til dømes fart, masse og energi, kan vere ein fordel.

  • Slik søkjer du

    Du søkjer på Søknadsweb med studiekode 215 3691.

    • 15. april: ordinær søknadsfrist
    • 1. mars: tidleg opptak

    Meir om å søkja på vidareutdanningar.

  • Målgruppe

    Emnet er for alle vaksne. Vi ønskjer å vise kvifor fagfeltet er av allmenn interesse.

    Emnet kan vere spesielt interessant for deg som er lærar eller deg som arbeider med informasjonsteknologi.

    Du som er lærar kan bli betre i stand til å svare på spørsmål som "Kva er eigentleg kvantefysikk?" og "Korleis fungerer ei kvantedatamaskin?".

    Du vil også bli betre i stand til å formidle korleis kvanteteknologi er med på å forme samfunnet, at det ikkje berre er noko for spesielt interesserte.

    For deg som arbeider i IT-bransjen vil ikkje dette emnet gjere deg i stand til å bli kompetent kvanteprogrammerar, men du får vite meir om kva det er snakk om, og kva fordelar du kan ha av å bruke kvantefenomen innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og kva utfordringar det kan gje.

  • Tidspunkt og varigheit

    Emnet går hausten 2024.

    Sjå datoar og tidspunkt for undervising (student.oslomet.no). (Lenke kjem)

  • Kva lærer du?

    Etter å ha gjennomført dette emnet skal du

    • kunne gjere greie for hovudtrekka i den historiske utviklinga av kvantefysikken
    • ha ei viss forståing for at materie må oppfattast som både bølgjer og partiklar
    • kjenne til fenomen som er spesifikke for kvanteverda, som ikkje har nokon parallellar i den verda vi ser til dagleg
    • vite korleis visse enkle algoritmar for kvanteinformasjonsbehandling fungerer
    • kunne vise til eksempel på korleis kvantefenomen som tunnellering, kvantisering og samanfiltring kan utnyttast teknologisk
    • kjenne til hovudforskjellane mellom korleis ei vanleg, klassisk datamaskin og ei kvantedatamaskin fungerer
    • vere i stand til å sette opp og køyre enkle kvanteprogram, anten på simulatorar eller på faktiske kvantedatamaskinar
    • til ei viss grad kunne bruke omgrepsapparatet knytt til kvantefysikk og -teknologi
    • kunne medverke konstruktivt i faglege samtalar som har med kvanteteknologi å gjere
    • evne å diskutere og problematisere aspekt ved tolkinga av kvantefysikken

    Se programplan på student.oslomet.no

  • Emneplan

    Det finnes dessverre ingen programplan for NYFIK 2024 HØST i systemet.

  • Korleis går undervisinga føre seg?

    Undervisinga vert lagt opp som klasseromsundervising på dagtid. Det vert økter på tre
    timar, éin gong i veka gjennom om lag to månader.

    Du vert kjend med stoffet gjennom

    • presentasjon av stoff
    • praktiske demonstrasjonar av enkle kvante- og bølgefenomen
    • tilrettelagde simuleringar
    • køyring av eigne, små program på faktiske kvantedatamaskinar
    • gjesteførelesingar
    • diskusjonar og samtalar

    Vi legg til rette for høg grad av student-deltaking ved undervisinga.

    Du får rikeleg med rom for å stille spørsmål, komme med undring og diskutere ulike, til dels ikkje-intuitive, aspekt ved kvantefysikk og -teknologi.

    Det vert i lita grad lagt opp til eige arbeid mellom undervisingsøktene, ut over det å lese relevant litteratur.

  • Kva kostar det?

    Det er ikkje studieavgift på dette studiet. 

    Du betaler ei semesteravgift kvart semester (student.oslomet.no).

Har du spørsmål?

Send e-post til evu-tkd@oslomet.no om

Fagleg leiar

Laster inn ...

Meir om kvantedatabehandling

Student som sit med ryggen til og blikket vendt mot bærbar datamaskin, med illustrasjonar av atom og molekyl.
Derfor bør du vite meir om kvanteverda

Kvanterevolusjonen kan endre verda. Vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne» gjev deg innsikt i korleis verda er skrudd saman, og korleis kvantedatamaskiner kan revolusjonere databehandling.

Bilete av Maryam som viser noko på kvantedatamaskinen til professorane Sergiy og Sølve som står på kvar si side av henne. På bordet framfor dei står de ei svart kvantedatamaskin.
Maryam hjelper Ruter å utforske kvanteteknologi

Kollektivselskapet Ruter vil gjerne vere føre i teknologiutviklinga, og tilsette ein nyutdanna masterkandidat for å utforske kvanteteknologi.

Kvantedatamaskin på svart bakgrunn.
– Norge henger etter i kvanteteknologi-kappløpet

Norge må ta grep nå før det er for sent, advarer ledende fagfolk innen kvanteteknologi.