Utstilt biletkunst på workshopen

Kvantefysikk møter kunst: Stor suksess for «Entangled Visions»

OsloMet vart samlingspunkt for fysikarar, kunstnarar og filosofar frå heile verda gjennom workshopen «Entangled Visions», som markerte slutten på FNs år for kvantevitskap.

Fysikarar, filosofar og kunstnarar fann ein felles scene på Campus Pilestredet då workshopen «Entangled Visions» gjekk av stabelen i desember 2025.

Arrangementet vart arrangert av kvantehuben ved OsloMet, og vart ei høgtideleg avslutning på FNs år for kvantevitskap og 100-årsjubileum for kvantemekanikken.

Målet med arrangementet var å utforske korleis kvantefysikk kan visualiserast og forståast gjennom kultur og kunst. Deltakarlista var spekka med internasjonale namn, og tilbakemeldingane frå gjestene vitnar om eit vellukka program.

Eivind Omtveit med utstilt bilete ved sidan av seg.

Bachelorstudenten Eivind Omtveit viser frem sin del av utstillingen. Foto: Benjamin Haug-Toklum

Breitt og tverrfagleg

Forfattar og fysikar Chad Orzel frå Union College i USA var ein av dei sentrale foredragshaldarane. Han trekkjer fram breidda i arrangementet som særs positiv.

– Det var eit eksepsjonelt breitt spekter av foredragshaldarar, alt frå fysikarar, fysikklærarar, filosofar, historikarar, kunstnarar og musikarar. Alle snakka om måtar å visualisere kvantefysikk på, forklarar han på bloggen sin (chadorzel.substack.com).

Arrangementet inneheldt òg meir enn berre førelesingar. Det vart mellom anna halde to konsertar av Rakhat-Bi Abdyssagin og Eduardo Reck Miranda. Sistnemnde presenterte musikkstykke komponerte ved aktiv bruk av kvantedatamaskinar som eit konkret døme på korleis teknologien flyttar grenser òg innan kunsten.

Eduardo held ei fele i handa med illustrasjonar på skjerm i bakgrunnen

Eduardo Reck Miranda komponerer musikk på direkten med ein kvantedatamaskin. Foto: Benjamin Haug-Toklum

Ein av dei andre foredragshaldarane, Stefano Calzati, rosar kvantehuben ved OsloMet for å skape eit slikt tverrfagleg rom.

– Det tverrfaglege rommet skapte briljante diskusjonar kring meininga til kvantefysikken og effekten av teknologien på tvers av disiplinar, skriv han på bloggen sin (stefanocalzati.com).

Ei visuell tilnærming

Arrangementet la stor vekt på det visuelle. Under tittelen «Entangled Visions» vart det utforska korleis vi kan sjå føre oss fenomen som eigentleg er usynlege for det nakne auget.

Programmet inkluderte mellom anna innlegg om «kvanteikonoklasme», kvantefysikk i superheltfilmar, og korleis ein kan «byggje for kvante». I tillegg bydde programmet på ei kunstutstilling, med konseptuelle måtar å sjå fenomen i kvantefysikken på.

Portrett av Audun Hansen som held foredrag

Audun Hansen frå Myreze held foredrag om bølgjefunksjonar. Foto: Benjamin Haug-Toklum

Kontakt

Laster inn ...

Meir om kvanteteknologi på OsloMet

Kvantebølgen: – Vi burde være mer nysgjerrige

KI er på alles lepper, men i bakgrunnen foregår et teknologisk kappløp som kan bli enda viktigere. Nå kaster selv samfunnsvitere og politiske rådgivere seg på skolebenken for å forstå kvanteteknologi.

Portrett av Stian Bergeland og Martine Godstad Floeng
OsloMet er med i tre nye kvantesenter

Regjeringa investerer 244 millionar kroner i fire nye forskingssenter for kvanteteknologi, der OsloMet er knytt til tre av dei.

Kvantedatamaskin til venstre. Mann i profil til høgre ser på maskinen. Vi skimtar personar i bakgrunnen.
Innleveringen ble til jobb: Nå lager Eivind læringsverktøy som forenkler kvantefysikk

Gjennom en ny nettside jobber Eivind med å gjøre kompliserte konsepter i kvantemekanikk lett å forstå.

Portrett av Eivind Omtveit
Publisert: 11.02.2026 | Benjamin Haug-Toklum