Eldre mann på verkstedet.

Låg inntekt heile livet gjev dårlegare helse

Menn og kvinner som har hatt låg pensjonsgivande inntekt heile livet, har mykje dårlegare eigenvurdert helse i eldre år enn andre. Dette gjeld sjølv om dei har formue og høg utdanning.

Sosiale ulikskapar i helse er godt dokumenterte, også i Noreg. Likevel er det få studiar som har sett på korleis helse i eldre år blir påverka av endringar i inntekt gjennom livsløpet. Er det slik at bestemde mønster i inntektsutviklinga gjennom den yrkesaktive fasen av livet har ulik innverknad på eldre kvinner og menns helse?

Marijke Veenstra og NOVA-forskar Marja Aartsen har sett nærare på dette spørsmålet med utgangspunkt i NorLAG-data i ein artikkel i European Journal of Public Health.

Ei gruppe skil seg ut med dårleg helse

Resultata viser at det er fire ulike mønster i livsløpsinntekt som peikar ut seg blant kvinner og tre blant menn. Forskjellane i inntekt mellom desse var allereie betydeleg ved 30-årsalderen og auka gjennom livet, fram til 62-årsalderen.

Omlag éin av fire kvinner og éin av tre menn har hatt ei stabilt låg pensjonsgivande inntekt gjennom livet. Det viser seg at denne gruppa har mykje dårlegare eigenvurdert helse i eldre år samanlikna med kvinner og menn i alle dei andre inntektsgruppene.

Samanhengen gjeld for ulike typar helsemål og er uavhengig av andre sosioøkonomiske ressursar (som til dømes utdanning og formue).

Forfattarane diskuterer funna i lys av psykososiale forklaringsmekanismar og strukturelle endringar i politikkutforminga som desse fødselskohortane har vore utsette for i løpet av sine yrkesaktive år. Dei ser óg på korleis dette kan ha bidrege til å påverka helsa deira i seinlivet.

Om studien

Veenstra og Aartsen tek utgangspunkt i NorLAGs mange moglegheiter for å kopla tidsseriar av registerdata, i dette tilfellet pensjonsgivande inntekt heilt tilbake til 1967, saman med surveydata om den eigenvurderte helsa til respondentane.

Analyseutvalet deira består av 1634 kvinner og 1625 menn som deltok i den tredje runden av Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) (2017) og som er fødde i perioden 1937 til 1955.

Arbeidet med artikkelen er finansiert gjennom Nordforsk-prosjektet Social Inequalities in Ageing (www.sia-project.se). Artikkelen har også vorte presentert på Folkehelsekonferanse i Hamar i 2022 der han vann prisen for beste forskingsabstract.

Kjelde

Veenstra, M. & Aartsen, M. (2022). Life-course income trajectories of men and women in Norway: implications for self-rated health in lèt life. European Journal of Public Health (academic.oup.com).

Kontakt

Laster inn ...