Studenter sitter på et grupperom og jobber.

OsloMet-studentar løyser utfordringane i næringslivet

Intelligent helse har arrangert HealthHACK for tredje gong, og OsloMet-studentane fekk bryna seg på reelle problemstillingar frå næringslivet.

HealthHACK legg til rette for tverrfagleg samarbeid, og at OsloMet-studentar skal byggja nettverk med næringslivet.

Inkluderer næringslivet i studentaktivitetar

Intelligent helse ved OsloMet har som mål å bidra til leiande utdanningar som møter behovet i samfunnet. Derfor blir HealthHACK arrangert i samarbeid med eksterne partnarar. På den måten får OsloMet-studentar innblikk i relevante arbeidsoppgåver, samtidig som dei byggjer nettverk med potensielle arbeidstakarar.

I år samarbeidde Intelligent helse med The Life Science Cluster og nokre av medlemsbedriftene deira, Teriak, Aker Biomarine, Calluna Pharma, Arctic Bioscience og Inven2.

Arrangørene står og snakker sammen ved et bord.

Foto: Angelique Culvin-Riccot

Aker Biomarine, Calluna Pharma, Arctic Bioscience og Inven2 presenterte problemstillingar som OsloMet-studentane skulle løysa over to dagar. Målet var å skapa nye produkt, verktøy eller løysingar på utfordringar som medlemsbedriftene har.

– For at me skal få til eit grønt skifte, er det behov for at fleire startar opp bedrifter. Det er også viktig at studentane ser at det er ei framtid i helseindustrien, seier Urd Andestad, seniorrådgivar i Teriak.

Nettverksbygging med næringslivet

Under HealthHACK har akademia og næringslivet eit unikt høve til å kunna dela ulike erfaringar og kunnskap med studentane. Det å få eit innblikk i korleis arbeidslivet kan sjå ut, og å tenkja nytt rundt moglegheitene som finst etter enda studium.

– Det er ein gullsjanse til å gjera seg kjend med menneske i arbeidslivet eller som har erfaring i feltet, gjennom mentor- og ekspertordninga. Eg opplevde å utvida nettverket mitt, både i og utanfor farmasiverda, seier OsloMet-studenten Sofie Gangsø.

Studentane rapportar at samarbeidet med mentorar og ekspertar var svært nyttig.

Tverrfagleg samarbeid på konkrete oppgåver

Sjølv om OsloMet-studentane var spente, var dei også motiverte og engasjerte. Dei vart delt inn i grupper, og visste ikkje kven dei skulle samarbeida med, eller kva oppgåve dei skulle løysa.

Gruppene skal vera tverrfaglege. Dette gjer studentane erfaring med å arbeide med personer frå ulike fagfelt, noko ein ofte må i arbeidslivet. Dei skal ha fagdiskusjonar på tvers, samtidig som dei løyser komplekse utfordringar.

Mentor veileder studentene i grupperom.

Foto: Angelique Culvin-Riccot

– Eg samarbeidde med andre som ikkje studerer det same som meg, og kjende meg viktig og ekstremt verdsett i rolla mi som farmasistudent, seier Sofie Gangsø.

«3, 2, 1 pitch!»

HealthHACK vart avslutta med ein pitchekonkurranse. Løysingane studentane hadde jobba med, vart presenterte for ein jury. Dei fikk åtte minutt på å forklara problemstillinga og presentera løysinga dei hadde komme fram til.

– Det er morosamt å sjå studentane utfalda seg, og sjå korleis dei møter arbeidsrelevante oppgåver. Dette er den veldig morosame delen av arbeidslivet, seier Urd Andestad, seniorrådgivar i Teriak.

På to dagar vart studentane kjende på tvers av fagfelt, bygde nettverk med næringslivet, og sist, men ikkje minst, jobba beinhardt for å pitche løysingane for framtida.

Både studentar og Intelligent helse gler seg til neste gong!

Publisert: 22.03.2024 | Thea Ørneseidet