Eldre mann med skjegg stikker hodet og pekefinger ut mellom bokreolene på bibliotek

Korleis måle avgangsalder med NorLAG-data?

Det er mange måtar å måle avgangsalder på, og kva metode som blir brukt får konsekvensar for forskingsresultata.

Eit mål med pensjonsreforma frå 2011 var at ho skulle bidra til at eldre arbeidstakarar skulle stå lenger i arbeidslivet, men å kunne tidfeste eit tidspunkt eller ein alder for når folk faktisk «går av», er ikkje rett fram.

I Noreg gjorde pensjonsreforma det mogleg å kombinere heilt eller delvis uttak av pensjon med framleis å stå i jobb. Pensjonering er dermed ikkje lenger det same som yrkesavgang.

For å kunne studere utvikling i avgangsalder over tid, men også forskjellar mellom grupper og verknader av ulike tiltak, er det avgjerande å ha ein måte å måle avgang på som mellom anna er samanliknbar over tid.

Dette har NOVA-forskarane Tale Hellevik, Katharina Herlofson og Axel West Pedersen sett nærare på i ein artikkel som vart publisert i Søkelys på arbeidslivet i 2023.

Spørjeskjema eller registerdata?

I artikkelen undersøkjer dei to ulike måtar å måle avgang på med NorLAG-dataa på, og resultata viser at det har noko å seie kva metode som blir brukt.

NorLAG-studien kombinerer telefonintervju og spørjeskjema med registerdata for dei same menneska over tid. Forfattarane av artikkelen samanliknar resultat frå dei to datakjeldene. Dei bruker høvesvis svaret til deltakarane på spørsmål om når dei sist var i inntektsgivande arbeid, og årlege registerdata for yrkesinntekt for å tidfeste når respondentane sist fekk inntekt frå yrkesarbeid.

Resultat frå dei to metodane å måle avgangstidspunkt på samsvarer på aggregert nivå, medan samsvaret er svakare på individnivå, spesielt i enkelte grupper. Det er mindre samsvar mellom målemetodane for menn enn for kvinner, for deltidsarbeidande enn for heiltidsarbeidande, for sjølvstendig næringsdrivande enn for tilsette, og for yrkesaktive i privat sektor enn for dei i offentleg sektor.

Forfattarane argumenterer for at det ikkje finst ein perfekt måte å måle avgang på, men at forskarar bør vere merksame på kva metode dei bruker, og kva konsekvensar dette kan få for resultata av slike analysar for ulike grupper.

Kjelde

Hellevik, T., Herlofson, K. & Pedersen, A. W. (2023). Hvordan måle tidspunkt for avgang fra yrkeslivet i Norge? Om ulike definisjoner, metoder og resultater. Søkelys på arbeidslivet (idunn.no).

Les meir om NorLAG-studien.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 30.09.2024 |