Noreg står framfor store endringar. Talet på eldre innvandrarar aukar raskt. Blant flyktningar som nyleg har kome, har òg delen eldre vakse. Dette skapar spørsmål om integrering, arbeid og velferd.
– Forsking om eldre har i liten grad vektlagt innvandrarar, og forsking om innvandrarar har i liten grad vektlagt eldre, seier Mariann Stærkebye Leirvik, forskar ved By- og regionforskningsinstiuttet NIBR ved OsloMet.
– Difor veit vi for lite om kva som gjer at nokon innvandrarar får innpass på arbeidsmarknaden og blir ståande i arbeid mens de er seniorar, medan andre ikkje gjer det, seier ho.
Leirvik leier prosjektet saman med Marianne Tønnessen. Dei har og med seg NIBR-forskarane Åsne Danielsen, Anne Balke Staver, Marthe Handå Myhre og Leif Kårtvedt.
– Målet vårt er å gi kunnskap som kan hjelpe kommunar og myndigheiter. Slik kan dei lage betre politikk og tiltak både på integreringsfeltet og i seniorpolitikken, seier Leirvik.
Brukar nye og gamle data
Prosjektet byggjer på NIBRs omfattande erfaring med forsking på flyktningar og innvandrarar. Forskarane brukar blant anna tidlegare innsamla data, og dei samlar inn ny informasjon gjennom intervju og casestudiar.
– Det gjer at vi kan forstå utfordringar og moglegheiter utan å krevje mykje tid frå tenestene og frå flyktningane, seier Marianne Tønnessen.
To hovudområde
Prosjektet er delt inn i to hovudområde for å gi betre innsikt i utfordringane knytt til aldring og arbeidsliv blant innvandrarar.
- Eldre flyktningar og rolla til kommunane: Målet er å finne ut av kva som skal til for å få til å få til ei god integrering av eldre flyktningar, kva for behov det er for ulike tiltak og kva for barrierar dei eldre flyktningane opplever.
Forskarane ser på korleis kommunane jobbar med busetjing og integrering av eldre flyktningar, der dei blant anna ser på kva for tilbod dei får i kommunen, frå blant anna flyktningtenesta, NAV og frivillige organisasjonar.
Dei intervjuar òg flyktningar for å forstå opplevingane deira. Hovudvekta av desse vil ha ukrainsk bakgrunn, men forskarane vil og prøve på å snakke med flyktningar med andre bakgrunnar.
- Eldre innvandrarar generelt: Forskarane vil her sjå på kva for kritiske punkter eller barrierar som gjer at mange innvandrarar tidleg fell ut av arbeidslivet, og korleis dette påverkar deira moglegheit for ei verdig alderdom.
Forskarane vil nytte seg av registerdata og livshistorieintervjuar for å undersøke desse spørsmåla.
Dei vil og intervju vaksne barn av eldre innvandrarar, sidan dei kan ha andre forståingar av kva for barrierar og moglegheiter deira foreldre har hatt.
Eldre innvandrarar kan i utgangspunktet ha ei trippel utfordring med å komme seg i jobb. Dei er eldre, dei er innvandrarar, og dei manglar ofte ei kompetanse som det norske arbeidslivet etterspør.
– Det å identifisere kva som skal til for at eldre innvandrarar deltar i arbeidslivet, vil kunne ha stor betydning både for den enkelte og for samfunnet som heilheit, seier Tønnessen.
Langsiktig fokus
– Ein viktig del av prosjektet er å følgje livet til folk over tid. Dette gir oss betre innsikt, seier Leirvik.
Resultata skal brukast til å lage anbefalingar. Målet er ein meir inkluderande politikk for eldre og betre tiltak for integrering i Noreg.
Prosjektet heiter «Arbeids- og kvardagsintegrering av eldre innvandrere - ELDRE». Det er finansiert av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).