Framover er det venta ein usedvanleg kraftig auke i talet på eldre innvandrarar i Noreg. Fram til 2050 vil antalet innvandrarar som er 55 år eller meir antakeleg bli tredobla, frå 190 000 til 580 000.
Nokre av desse er flyktningar, og blant flyktningane frå Ukraina har andelen eldre vore høgare enn for mange tidlegare flyktninggrupper, noko som har aktualisert spørsmål knytte til integrering av nykomne flyktningar i denne aldersgruppa. Forsking om eldre har i liten grad vektlagt innvandrarar, og forsking om innvandrarar har i liten grad vektlagt eldre.
I dette prosjektet undersøker vi arbeidsintegrering og kvardagsintegrering blant eldre flyktningar og andre innvandrarar. Vi vil særleg utforske kva som forklarer årsaker til forskjellar i innpass på arbeidsmarknaden, og kvifor nokre eldre flyktningar og innvandrarar blir ståande i arbeid som seniorar mens andre ikkje gjer det.
Behov for forsking på eldre flyktningar og andre innvandrarar
Den kraftige aldringa av innvandrarbefolkninga i Noreg er ei stor demografisk endring som vil ha store konsekvensar både for samfunnet og for innvandrarane sjølv. Kunnskap om denne endringa trengst både for å forstå kva utfordringar dette kan medføre og korleis ein kan møte desse utfordringane.
Eldre innvandrarar kan i utgangspunktet ha ei trippel utfordring med å komme seg i jobb: dei er eldre, dei er innvandrarar, og dei manglar ofte ein kompetanse som det norske arbeidslivet etterspør.
Det å identifisere kva som skal til for at eldre innvandrarar deltar i arbeidslivet, kan ha mykje å seie både for kvar enkelt og for samfunnet samla sett. Dette er hovudfokus både i prosjektets del 1 og del 2, og dei to delprosjekta vil gi viktig kunnskap for innretninga av seniorpolitikken overfor eldre flyktningar og andre innvandrarar.
Meir om prosjektet
Arbeids- og kvardagsintegrering av eldre nykomne flyktningar
I delprosjekt 1 skal vi kartlegge korleis kommunane jobbar med eldre nykomne flyktningar og korleis desse flyktningane sjølv opplever busettings- og integreringsprosessen. Målet med kartleggingane er å skaffe kunnskap om kva som skal til for å få ei god busetting og integrering av eldre flyktningar, kva behov det er for ulike tiltak og kva barrierar eldre innvandrarar møter. Vi vil nytte *surveydata, registerdata og djupneintervju for å belyse tematikken i dette delprosjektet, både frå perspektivet til kommunane og flyktningane.
Eldre innvandrarars livsløp – livshistorier og avgjerande vendepunkt
I delprosjekt 2 ser vi på innvandrarar meir generelt, og ikkje berre nykomne innvandrarar. Hovudproblemstillinga vår i desse analysane er kva for nokre kritiske punkt eller barrierar som gjer at mange eldre innvandrarar tidleg blir ståande utanfor arbeidslivet, og korleis dette påverkar moglegheitene deira for ein verdig alderdom.
For å belyse dette nyttar vi både kvantitative metodar (sekvensanalysar) og kvalitative metodar (livshistorieintervju), som begge analyserer utviklinga over tid for individa vi følgjer, med fokus på ’eldre arbeidsalder’, altså frå midt i 50-årsalderen til ein nærmar seg 70 år. Vi gjer også djupneintervju med vaksne barn av eldre innvandrarforeldre.