Boka har tittelen «Shaping Inclusive Workplaces for Persons with Disabilities – A Management and HRM Practitioner Perspective» og fungerer som ei handbok for dei som jobbar med arbeidsinkludering.
– I denne boka ønskte vi å flytte samtala om inkludering på arbeidsplassen bort frå barrierane leiarar og HR-tilsette møter – og heller fokusere på moglegheitene, som kva dei faktisk kan gjere for å skape meir inkluderande arbeidsplassar, seier professor Eric Breit (BI), som er ein av dei fire redaktørane av boka.
Boka er eit resultat av forskingsprosjektet ENGAGE, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har utvikla ny kunnskap om korleis små og mellomstore bedrifter i Noreg og Nederland kan lykkast med å bidra til varig arbeidsinkludering for utsette grupper.
Forskarane bak boka har jobba med ulike metodar, og blant anna intervjua leiarar i små- og mellomstore bedrifter for å få innsikt i erfaringane og utfordringane deira.
– Det er ofte dei små tilretteleggingane som gjer den store forskjellen, påpeika forskar Siri Yde Aksnes (AFI) under boklanseringa på Fyrhuset i oktober.
Må rekne med motstand
– Ein må rekne med at motstand oppstår når menneske som har nokre ekstra utfordringar som må takast omsyn til, skal bli del av eit arbeidsfellesskap, sa forskar Kjetil Frøyland. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet
Forskar Kjetil Frøyland (AFI) understreka i innlegget sitt kor viktig det er at leiarar faktisk klarer å engasjere dei tilsette som arbeider rundt personen.
– Då kan ein lykkast med inkludering, men ein må rekne med at motstand oppstår når menneske som har nokre ekstra utfordringar som må takast omsyn til, skal bli del av eit arbeidsfellesskap, sa han i då han presenterte kapittelet han har skrive, om nødvendigheita av kollegaers medverknad i arbeidsinkludering.
KAI-podden tar samtala vidare
I samband med boklanseringa har KAI-podden invitert forfattarane til ein eigen episode om boka og resultata frå ENGAGE-prosjektet. Her vil dei dele innsikt frå forskinga og diskutere korleis leiarar kan bruke boka som eit verktøy i praksis.
Abonner på KAI-podden der du lyttar til podkast for å få med deg nyaste episode.
Fullt hus under boklanseringa i regi av Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) og Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet
Boka er open access og ligg tilgjengeleg for nedlasting (link.springer.com).
Mer om KAI
-
Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)
Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og NAV. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.