Eldre far og sønn i grønn natur.

Skal samle inn nye data om vaksenliv og alderdom

Korleis går det med dei som var fødd på 1920- og 30-talet, og korleis utviklar livet seg for dei som er fødd på 70- og 80-talet? I desse dagar blir det samla inn surveydata for fjerde gong til Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

NorLAG er ein livsløpsstudie som blei starta opp av NOVA på tidleg 2000-talet. Studien følgjer kvinner og menn over tid – gjennom ulike overgangar og hendingar i vaksenlivet og eldre år. 

– Ved å følgje dei same personane over ein lengre tidsperiode, får vi kunnskap om kvar dei «har vore» tidlegare i livet, fortel prosjektleiar Katharina Herlofson. 

– Dette er viktig for å kunna få ei betre forståing av livssituasjonen deira og val dei gjer seinare i livet.

Viktig for politikkutforminga i Noreg

Eit sentralt formål med NorLAG er å kunna bidra til betre kunnskap for politikk og planlegging. 

Det breie fokuset til studien på viktige sider av livet, som familie, arbeid, helse, trivsel, bustad og fritid, gjer det mogleg å utforske ei rekkje tema av høg politisk interesse. 

Viktige forskingsområde er sosial ulikskap gjennom livsløpet, helsevanar i andre halvdel av livet, balansen mellom familieomsorg og yrkesaktivitet, aktiv aldring og bustad i eldre år, for å nemne nokon.

Spent på kor mange som svarar

– Svarprosentane i dei tidlegare rundane av NorLAG har vore relativt høge, og det blir spennande å sjå kor mange som vil og kan delta denne gongen, seier Herlofson. 

Dei eldste deltakarane er fødde på 1920-talet, som betyr at dei no nærmar seg hundre år, medan dei yngste er fødde på byrjinga av 1980-talet. Studien omfattar dermed fødselskohortar som har vakse opp under svært ulike forhold og vilkår.  

– I NorLAG tek me omsyn til at den historiske konteksten bidreg til å forme livsløp, som mellom anna inneber at ulike fødselskohortar blir eldre på ulike måtar. 

Nettopp moglegheita til å sjå individuelle liv og historiske hendingar i samanheng er noko av det spesielle ved NorLAG-studien.

Statistisk sentralbyrå samlar inn dataa

Statistisk sentralbyrå gjennomfører datainnsamlinga, slik dei også har gjort i dei tidlegare rundane (i 2002, 2007 og 2017). Utvalet denne gongen består av deltakarar som har vore med minst ein gong tidlegare, og som er i alderen 40 år og eldre i intervjuåret. 

Datainnsamlinga omfattar telefonintervju og spørjeskjema som deltakarane fyller ut i etterkant av intervjuet. Det blir også kopla på opplysningar frå offentlege register.

Les meir om NorLAG-studien.
 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 29.05.2024 |