Portrett av Anja Bredal

Nye fem millionar til Voldsprogrammet

Justis- og beredskapsdepartementet har løyvd 5 millionar til nye prosjekt i Voldsprogrammet ved NOVA.

– Etter over ti år med forsking om vald, er det flott at vi kan føre vidare og utvide nokre av forskingsområda om vald i nære relasjonar, seier Anja Bredal.

Ho er ein av leiarane av Forskningsprogram om vold i nære relasjoner (Voldsprogrammet) ved NOVA som har vore finansiert med over 50 millionar dei siste ti åra.

Vidareføringa vil fokusere på to hovudtema: kunnskap som kan bidra til ei meir treffsikker førebygging, og kunnskap som kan støtte opp om ei forsvarleg handtering av melde tilfelle av vald.

– Valdsprogrammet har markert seg nasjonalt og internasjonalt med framifrå kvalitet og høg samfunnsrelevans. Å bygge eit slikt fagmiljø krev målretta innsats over tid, seier NOVA-direktør Guro Ødegård. 

– Vi er derfor svært glade for den nye løyvinga som gjer det mogleg å føre vidare og styrke arbeidet med å levere ny, forskingsbasert innsikt på eit krevjande og viktig samfunnsområde.

Forskinga vil bestå av fleire underprosjekt.

Treffsikker førebygging

– Under overskrifta treffsikker førebygging vil vi ta utgangspunkt i nokre vedvarande utfordringar i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar, seier Bredal.

Vedvarande partnarvald

Den første utfordringa handlar om at vi ikkje klarer å førebygge den mest gjenstridige partnarvalden, den som held fram over tid, ofte er grov og systematisk, og i nokre tilfelle endar med partnardrap.

Forskarane ser nærmare på spørsmåla: Kva karakteriserer dei som gjer den mest alvorlege partnarvalden? I kva grad treff tiltaka som skal forhindre, avdekke og handtere denne valden nettopp denne gruppa? Studien bygger på forskingslitteratur og rettskraftige dommar.

Menneska rundt

Eit anna prosjekt har bakgrunn i at arbeidet mot partnarvald er forankra i eit individualistisk perspektiv med fokus på den valdsutsette og utøvaren, mens menneska rundt paret er fråverande.

– Her skal vi intervjue pårørande – familie og venner – til valdsutsette og -utøvarar for å finne ut kva slags rolle dei kan ha i å stoppe valden eller i å bidra til at han fortset, fortel Bredal.

Ulike seksualkulturar blant unge

Ein tredje studie gjeld seksuell vald blant unge. Mykje førebygging har fokusert på dei (problematiske) haldningane eller manglande kunnskapen som unge har om kva eit samtykke er, og tar for gitt at unge navigerer i éin felles seksualkultur. Det vil seie at delar grunnleggande oppfatningar om og språk for kva som er greitt og ikkje.

– Dette er eit for generalisert bilde av den ungdomskulturelle konteksta som overgrep må forståast i lys av, understrekar Bredal.

Kan vi førebygge meir treffsikkert om vi forstår meir av dei ulike seksualkulturane unge navigerer i, og kva «risikoprosjekt» dei gir opphav til – med tanke på både utøving og sårbarheit? Her vil NOVAs kvalitative database med ungdomsintervju bli brukt.

Forsvarleg handtering av meldingar

Det andre hovudtemaet er korleis vi kan få til ei meir forsvarleg handtering av melde tilfelle av vald i Noreg.

Påtalejuristane sitt arbeid

Eitt prosjekt handlar om rolla til påtaleleddet i silingsprosessar. Forskarane vil studere arbeidsmetodikk og systematikk i arbeidet for påtalejuristane med å påtalevurdere saker om mishandling i nære relasjonar.

Forskinga vil ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

Analysen bygger på allereie innsamla intervjumateriale med påtalejuristar.

Meir samhandling i barnehusa?

Det andre prosjektet set søkelyset på barnehusmodellen, og på dei nye styringsgrepa som no er under utvikling for å sikre meir samhandling mellom dei tre sektorane som har ansvar for modellen, politi, barnevern og helse.

Tidlegare forsking frå NOVA viser at manglande involvering frå helse- og «barnefeltet» har vore ei utfordring for barnehusmodellen, og forskarane ønsker å sjå nærmare på korleis dette blir forstått og handtert framover.

– Forskinga vil gå føre seg både i 2025 og 2026, og vi ser fram til å starte arbeidet, avsluttar Bredal.

NOVA-forskarane som skal gjennomføre prosjekta er: Lotte C. Andersen, Elisiv Bakketeig, Anja Bredal, Jane Dullum, Kari Stefansen og Rikke Tokle.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 26.09.2025 | Foto: Silje Pileberg / OsloMet |