Forskere i panelsamtale om hybridmodellen på INKO-konferansen

Nytt innovasjonsprosjekt: Kvalitetsindikatorar for Hybridmodellen i Nav

OsloMet har innvilga innovasjonsmidlar til eit prosjekt som skal utvikle kvalitetsindikatorar for den nye rettleiarpraksisen i Nav.

Forskarar tilknytt kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) og Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) har fått 400 000 kroner i innovasjonsmidlar til eit nytt prosjekt som skal bidra til innovasjon i offentleg sektor. Prosjektet skal utvikle kvalitetsindikatorar for den mykje omtalte Hybridmodellen i Nav.

– Vi ser fram til å følgje opp Hybridmodellen i Nav med utvikling av kvalitetsindikatorar saman med Nav-rettleiarar og leiarar ved utvalde Nav-kontor, seier prosjektleiar Heidi Enehaug.

Prosjektet følgjer opp tidlegare forsking under KAI og AFI, som har fått god mottaking i Nav og bidratt til endringar i korleis rettleiarar jobbar med arbeidsinkludering.

– Vi håpar også at kvar enkelt Nav-rettleiar får nødvendig hjelp til å auke kvaliteten i samarbeidet med arbeidsplassen, og i det interne samarbeidet med kollegaer. Dette igjen vil medføre betre støtte til Navs brukarar. For lokale Nav-leiarar vil det også vere lettare å følgje opp arbeidet til Nav-rettleiaren innanfor Hybridmodellen, seier Enehaug.

Eit praktisk rammeverk for læring og tenesteutvikling

Formålet for prosjektet er at forskarar og praktikarar saman utviklar og utprøver eit lite, robust sett av kvalitetsindikatorar. Desse skal blant anna måle:

Indikatorane skal også gi Nav eit praktisk rammeverk for læring og tenesteutvikling i tråd med prinsipp for organisasjonslæring. 

– Bakgrunnen for prosjektet er at det i dag manglar tydelege kvalitetsmål for rettleiardriven læring innan arbeidsretta oppfølging. Dette avgrensar både den brukaropplevde støttekvaliteten og moglegheita for meir involvering med arbeidsgivar og mentor, seier Enehaug.

Prosjektet skal levere eit utvikla og testa indikatorsett for kvalitet i rettleiarpraksis basert på Hybridmodellen til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Indikatorsettet kan danne utgangspunkt for vidare implementering av Hybridmodellen på nasjonalt nivå.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med KAI

Prosjektet skal gjennomførast som ein del av Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) si satsing på utvikling av ny kunnskap og praksis innan arbeidsinkludering.

– I samarbeid med flere Nav-kontor utviklar og testar vi indikatorane gjennom to pilotrundar. Prosjektet har som mål at indikatorsettet blir opplevd relevant og gjennomførbart i ordinær drift i Nav, fortel Enehaug.

Etter prosjektslutt kan resultata takast i bruk i vidare skalering av rettleiarpraksis basert på Hybridmodellen i Nav, og danne grunnlag nasjonal spreiing og evaluering med tanke på resultat innan arbeidsinkludering. 

– Vi reknar med at prosjektet vil ha stor samfunnsnytte ved å styrke samarbeid mellom forsking og praksis, Nav og arbeidsgivar, og dessutan auke brukarmedverknad, og bidra til meir målretta offentleg ressursbruk innan arbeidsinkludering, seier Enehaug.

Prosjektgruppa består foreløpig av:
Prosjektleiar Heidi Enehaug (Forskar I, AFI) og Øystein Spjelkavik (Forskar I, AFI), Jon Erling Erlandsen (avdelingsleiar, Nav Lister), Gry Strømsnes (Arbeids- og velferdsdirektoratet) og ein Kai-representant.

Kontakt

Laster inn ...

Mer om KAI

  • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)

    Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.

Publisert: 17.02.2026 | Tove R. Nilsen | Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet