– For 15 år sidan intervjua eg ungdomar involverte i kriminalitet i Oslo, fortel Bengt Andersen, som er antropolog og forskar 1 ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI.
– Mange av historiane handla om gata, nabolaget, venene, skulen og fritidsklubben. Rekruttering til kriminalitet skjedde først og fremst ansikt til ansikt. I dag er biletet meir samansett.
Det er denne samansette verkelegheita som Andersen og forskarar frå Politihøgskolen og Malmö universitet skal undersøke i det nye forskingsprosjektet DigiKrim. Dei vil sjå på korleis digitale og fysiske arenaer verkar saman i utviklinga av kriminalitet blant barn og unge i norske storbyar. Dei skal også sjå på kva som kan gjerast for å førebygge ungdomskriminalitet.
Andersen skal leie prosjektet, som er finansiert av Stavanger kommune – program for storbyretta forsking (ks.no).
Bengt Andersen er forsker 1 ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet. Foto: Eivind Røhne, AFI/OsloMet
Samspel mellom digitale og fysiske miljø
Prosjektet tek utgangspunkt i at kriminalitet blant unge i aukande grad går føre seg i eit samspel mellom digitale og fysiske miljø,– Seniorforsker Bengt Andersen, AFI
– Prosjektet tek utgangspunkt i at kriminalitet blant unge i aukande grad går føre seg i eit samspel mellom digitale og fysiske miljø, forklarar prosjektleiaren.
– Konfliktar kan oppstå på nettet og utvikle seg til fysiske hendingar. Kriminelle nettverk kan bruke digitale plattformer til å rekruttere unge, koordinere aktivitetar og spreie normer, symbol og statusmarkørar knytte til kriminalitet. Samstundes veit vi framleis lite om korleis desse prosessane faktisk går føre seg i norske storbyar.
Betre kunnskapsgrunnlag for politi og kommunar
Gjennom litteratur-, registerdata- og dokumentstudiar, og intervju med ungdom, politi og beslutningstakarar, skal forskarane i DigiKrim sjå på korleis digitale og fysiske arenaer verkar saman når unge blir rekrutterte til kriminalitet, organiserer aktivitetar, byggjer nettverk og gjennomfører lovbrot.
Prosjektet, som har oppstart i august 2026 og skal pågå ut 2027, har som mål å utvikle eit betre kunnskapsgrunnlag for kriminalitetsførebyggande arbeid og bidra med konkrete tilrådingar til politi, kommunar og andre aktørar som arbeider med barn og unge.
Les meir om DigiKrim-prosjektet her.