Bilde av fire ansatte på OsloMet Holmlia foran en gul vegg med OsloMet-logo

OsloMet Holmlia blir vidareført

OsloMet Holmlia har bidratt til ei lang rekke initiativ som har komme studentar, befolkninga og tilsette til gode. No blir satsinga vidareført.

– Alt som har skjedd ved OsloMet Holmlia dei siste åra, viser oss kva det kan bety at universitetet kjem tettare på samfunnet, seier Carl Christian Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet.

OsloMet Holmlia vart etablert i 2022 for å svare på OsloMet sitt samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

– Her har vi utvikla nye måtar å kople saman utdanning, forsking og lokalsamfunn på, og mange av aktivitetane er tett knytte til kvardagen i bydel Søndre Nordstrand. Saman med skular, tenester og lokale aktørar byggjer vi kompetanse, meistring og nye moglegheiter.

Mange og varierte prosjekt

Prosjekta og initiativa som har komme ut av satsinga på Holmlia går på tvers av fagmiljø og er svært mange og varierte.

Dei strekker seg frå samarbeid med bydelen om studentpraksis til korleis ein kan rekruttere fleire unge med minoritetsbakgrunn til høgare utdanning gjennom prosjektet Hvor er mine brødre

Studentar har skrive masteroppgåver med tema som er relevante for skolane i bydelen, og forskarar frå OsloMet har samarbeidd med bydelen om prosjekt knytt til aktivitetsskole, støtte til tolkebrukarar og eit ressursteam retta mot alvorleg sjuke barn og familiane deira.

Det har også vore fleire opne arrangement for befolkninga i bydelen, som forskningstorg og kreative kurs og workshopar. 

Les meir om prosjekta på ansattsidene (ansatt.oslomet.no)

Vegen vidare for OsloMet Holmlia

Foto: Mette Tollefsrud, Nabila Habib, Tore Jascha Liechtenstein Vogt og Sahaya Kaithampillai har alle vore sentrale i oppbygginga av OsloMet Holmlia. (Foto: Marit Christansen)

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 23.04.2026 | Siv Tonje Sperati Håkensen