Studentar som får undervisning på verksted

Praktisk-estetisk læring: opplevingar studentane kan ta med seg

Eit nytt samarbeid med Den kulturelle skolesekken (DKS) skal inspirere grunnskolelærarstudentane ved OsloMet til å ta i bruk nye læringsformer.

– Vi ønsker å styrke undervisninga til studentane i estetiske læringsprosessar og tverrfaglege tema. Dei får også inspirasjon til korleis dei kan bruke Den kulturelle skolesekken i undervisning, seier studieleiar ved grunnskolelærarutdanninga, Mali Norvalls.

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning har nyleg inngått eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken (DKS). DKS er ei nasjonal ordning som sørger for at skoleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur. Det er den statlege fagetaten Kulturtanken som har ansvaret for ordninga.

Temaveke om berekraft og praktisk-estetiske læringsformer

Målet med samarbeidet er å undersøke korleis DKS kan integrerast som ein del av studieforløpet ved grunnskolelærarutdanninga. Det inneber at instituttet og DKS i samarbeid utviklar eit undervisningsopplegg, i første omgang for studentane på grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.

Samarbeidet kom i gang for fullt under den tverrfaglege temaveka i vår om berekraft og praktisk-estetiske læringsformer for studentar på sitt tredje studieår. Her fekk studentane vere med på verkstad om kulturarv gjennom planter og om korleis deira eigen daglege praksis kan bidra inn i berekraftsstenking. 

Studentane fekk også vere til stades ved framsyninga Muhammed Ali og eg – dance like a butterfly og møte utøvarar og kunstnarar frå DKS. Dei besøkte i tillegg Geitmyra skolehage, ein av Oslos kommunale skolehagar.

Opplevingar med kvalitet

– Samarbeidet med DKS skal gi studentane praktisk-estetiske opplevingar med kvalitet. Dei får eksempel på aktuelle praktisk-estetiske arbeidsmåtar i skolen, og innsikt i verdigrunnlaget til DKS-ordninga. Då blir dei betre kvalifiserte til å nytte slike læringsformer i lærarkvardagen sin, seier Hanne Kihlman Evang. Ho er universitetslektor ved grunnskolelærarutdanninga og undervisar i musikk. 

Papir med hjarte

På verkstaden «Kulturarv gjennom planter» laga studentane sitt eige papir. Foto: Solfrid Hartberg

– Vi håpar dette gir  studentane opplevingar som dei kan ta med seg vidare.  

Eit utvida klasserom

– Eigne opplevingar gir inspirasjon og verdifull kunnskap i møte med elevar. Det utvida klasserommet er ein nøkkel i arbeidet med å inkludere berekraft i all undervisning i skolen. Det er viktig at vi kvalifiserer studentane på dette, seier studieleiar Norvalls.

Samarbeidsavtala gjeld i tre år framover, og bygger på ein tidlegare pilot for fjerdeårsstudentane, som tidlegare har laga ei framsyning for skoleelevar i samarbeid med DKS.

– Gjennom samarbeidde med DKS vil vi bidra til ein meir praktisk skole i tråd med stortingsmeldinga om 5.-10. trinn, seier studieleiar Norvalls.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 06.05.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Solfrid Hartberg