Studentane med diplom flankert av to representatar frå Rådgivende ingeniørers forening.

Pris for beste bacheloroppgåve i vatn og miljø

Byggingeniørstudentane Elin Nordskaug, Marie Otneim Forshaug, Lovise Mulstrand Nyhagen og Gerd Une Fjerdingstad får pris for oppgåva «Kampen om plassen – over og under bakken».

Det er Rådgivende ingeniørers forening (RIF) som deler ut prisen etter vurdering av ein jury.

Oppgåva tek sikte på å løyse problemstillingar knytt til oppgradering av leidningsnett i ei 450 meter lang trafikkert strekning i Pilestredet i Oslo,

Her møter aktørane utfordringar knytt til avstandskrav og plassbehov når trafikkavvikling for trikk, bilar, gåande og syklande skal kombinerast med ei effektiv og framtidsretta overvasshandtering.

Juryen legg vekt på at bacheloroppgåva set søkjelyset på ei svært aktuell problemstilling ved planlegging og prosjektering av gateoppgradering i by, i ei tid der behova knytt til areal og infrastruktur i denne typen prosjekt stadig aukar, medan tilgjengelege areal held fram med å vere dei same. 

Bacheloroppgåva har på ein god måte synleggjort dei typiske utfordringane ved planlegging og prosjektering av gateoppgraderingar. 

Ekspertane på vatn og miljø i juryen meiner at oppgåva til OsloMet-studentane oppfyller krava om at årets bacheloroppgåve skal vere nytenkjande, ha nyheitsverdi, og vere praktisk og nyttig for rådgjevarbransjen.

Juryen gratulerer prisvinnarane med prisen som i år er på 10.000 kroner, og ønskjer dei lukke til vidare i studiar og arbeidsliv.

Universitetslektor Tom Baade Mathiesen har vore rettleiar for studentane.

På biletet øvst i artikkelen ser vi studentane Elin Nordskaug, Marie Otneim Forshaug, Lovise Mulstrand Nyhagen og Gerd Une Fjerdingstad frå OsloMet saman med representantane frå Rådgivende ingeniørers foreining.

Pilestredet ein solskinsdag. Det er arbeid på gang i gata. I bakgrunnen Pilestredet 35. Det er tre med grøne blad ved gata, som har lite trafikk.

Oppgåva tok utgangspunkt i oppgradering av leidningsnett i ein 450 meter lang trafikkert strekning i Pilestredet i Oslo. Foto: Olav-Johan Øye

Les meir om samarbeid med bransjen

Tar tak i ingeniørmangelen og utvider studietilbudet

OsloMet tilbyr nye masterspesialiseringer i geoteknikk og smart vannteknologi fra høsten 2023, for å møte etterspørselen etter fagfolk.

Bildet viser studentene studentene Eirik Haug og Hege Høgseth fra OsloMet, sittende på en bro i Klosterenga park på Grønland i Oslo. Det er steinnisjer til vannet i bakgrunnen, men bekken er fri for vann. Det ligger et tynt lag med snø på bakken. I bakgrunnen er det en boligblokk og en villa.
Slik vil OBOS og OsloMet styrke byggebransjen

OBOS og OsloMet skal nå samarbeide om forskning, innovasjon, undervisning og rekruttering – for eksempel til byggingeniørstudier.

Bilde av Rektor Christen Krogh og konsernsjef Daniel K Siraj etter signeringen av avtalen mellom OsloMet og OBOS.
Publisert: 17.11.2023 | Olav-Johan Øye