Portrett av Einar Stoltenberg.

OsloMet relanserer master i produktdesign: Frå breidde til spisskompetanse

Det nyoppussa masterprogrammet i produktdesign vil gi studentane fagleg fordjuping og betre jobbmoglegheiter, meiner instituttleiar Einar Stoltenberg. Frå 2026 får studiet tre nye studieretningar, design og helse, produktdesign og kultur, og system og tenestedesign.

– Masterprogrammet i produktdesign har fylt 20 år. Og sjølv om vi heile tida har utvikla studieprogrammet, ser vi at det er nyttig å gjere nokre større endringar no, fortel instituttleiar Einar Stoltenberg ved Institutt for produktdesign på OsloMet. 

Tydelegare kompetanse for abeidsmarkedet 

– Den nye programstrukturen med tre studieretningar, vil gi studentane ein meir spissa kompetanse og betre jobbmoglegheiter. 

– Gjennom dei ulike spesialiseringane kan studentane fordjupe seg i det dei verkeleg er interesserte i, og utvikle seg endå meir innanfor feltet, forklarer han.  

– Vi har sett at studentar med ei breiddeutdanning kan ha utfordringar med å overtyde arbeidsgivarar om at dei har den rette kompetansen. Eksempelvis, om det blir søkt etter ein tenestedesignar, er det ein fordel å ha eit papir på at du har studert tenestedesign.  

Tilpassa behov i samfunnet 

Dei tre nye studieretningane design og helse, produktdesign og kultur, og system og tenestedesign, tar utgangspunkt i fagkompetansen til instituttet. 

– Det var naturleg for oss å velje desse fordjupingsområda. Dette er felt kor vi har utvikla sterke fag- og forskingsmiljø, forklarer instituttleiaren.  

Dei nye spesialiseringane svarer også på viktige behov i samfunnet og regionen, meiner han.  

– I Romeriksregionen som mange stader i landet elles, vil det vere framtidige utfordringar med å tilby gode helsetenester til befolkninga. Det blir fleire eldre og vi må tenke nytt.  

– Alt i samfunnet rundt oss blir også meir komplekst. Derfor er det viktig å utdanne folk som kan sjå heilskapen og samanhengen i ting. Det å kunne handtere kompleksitet for å finne effektive løysingar blir stadig viktigare, seier Stoltenberg.  

– Og vi treng sjølvsagt gode produkt som er berekraftige og som samfunnet har bruk for. Gode produkt gjer kvardagen betre. 

To studentar sit på eit bord i verkstaden. Mellom seg har dei ei dokke med ein slags hjelm.

Ein av dei nye, unike studieretningane er design og helse.

Ei av Noregs største designutdanningar 

Institutt for produktdesign held til på OsloMets campus på Kjeller og er ein av Noregs største designutdanningar. Instituttet har mange samarbeidspartnarar og eit omfattande nettverk. 

– Vi er opptatte av å jobbe saman med eksterne, både i det offentlege og private. No som det er bestemt at vi skal flytte til Lillestrøm om nokre år, har både vi og Lillestrøm kommune, og dessutan Romeriksregionen, eit auka fokus på samarbeid 

Opnar for søkarar frå andre fagmiljø 

Instituttleiaren ser fram til å ta imot studentar på det nyoppussa masterprogrammet, som har opptak allereie frå våren 2026. 

– Det er veldig godt å vere i mål! Det har vore ein lang prosess. Men eg trur det har vore viktig å bruke tid på dette for å få det skikkeleg bra, understrekar han.  

– Vi startar opp med heiltidsstudium i 2026 og så planlegg vi oppstart på deltid frå 2027.  

– Det er veldig spennande at vi på to av retningane opnar opp for studentar med andre fagbakgrunnar. Dette har vi god erfaring med frå etter og vidareutdanning. Slike samansetningar kan bidra til gode diskusjonar og læring som ein elles ikkje ville oppnådd, avsluttar han.  

Les meir om studieretningane

Publisert: 02.12.2025 | Hilde M. Kringeland