Berg leier bydelen sitt ressursteam for barnepalliasjon, som skal sørge for betre og meir heilskaplege tenester for nokre av dei aller mest sårbare barna. Det siste året har forskarar frå OsloMet følgt teamet tett. Det har vore positivt både for bydelen og universitetet.
Handlar om å leve eit godt liv
– Mange trur palliasjon handlar om død, men når vi snakkar om barnepalliasjon er det litt annleis. Her handlar det om at barn med ein livstrugande eller livsavgrensande tilstand, og familiane deira, skal få hjelp til å leve eit godt liv, seier Anette Winger, professor i barnepalliasjon på OsloMet.
Barnepalliasjon handlar om at barn med ein livstrugande eller livsavgrensande tilstand, og familiane deira, skal få hjelp til å leve eit godt liv.– Anette Winger
Winger leier forskarane frå OsloMet som har følgt Berg og teamet hans. Prosjektet er ein del av OsloMet si barn- og ungesatsing.
Treng støtte gjennom heile livet
– Søndre Nordstrand har fleire barn med livstrugande eller livsavgrensande tilstandar enn andre bydelar i Oslo, seier Berg.
Barna har svært ulike tilstandar og behov. Nokre er råka av kreft, medan andre har alvorlege muskelsjukdomar eller medfødde tilstandar.
Noko av det viktigaste er å sørge for eit heilskapleg tilbod for familiane dette rammar. Ikkje minst for sysken, som skal få lov til å vere barn sjølv om dei har ein sjuk bror eller søster.
Det krev at alle instansar rundt barna og familiane samarbeider tett for å gi støtte til dei utfordringane sjukdomen fører med seg – fysisk, psykisk, sosialt og eksistensielt.
Professor Anette Winger forskar på barnepalliasjon og ser stor nytte av det tette samarbeidet med Bydel Søndre Nordstrand. Foto: Sonja Balci
Barnepalliasjonsteamet er difor sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i bydelen, frå saksbehandling og familierettleiing til fysioterapi og barnehage.
Har bidratt til større merksemd
Berg trekker fram det å ha eit høgkompetent forskarteam i ryggen som viktig i oppbygginga av tenesta.
– Vi har hatt mange reflekterande samtalar med forskarane om barnepalliasjon og om etableringa av teamet. Det har i seg sjølv vore nyttig for oss.
Samarbeidet har òg ført til større merksemd om temaet, både internt i bydelen og frå andre kommunar.
Vil ta forskinga raskare i bruk
For forskarane har prosjektet gitt ny kunnskap som allereie er tatt i bruk i OsloMet si utdanning i barnepalliasjon. Tilsette frå bydelen har òg bidratt med erfaringane sine i undervisninga.
– Det er unikt og ein kjempefordel, seier Anette Winger.
Ho meiner det har stor verdi for universitetet å få vere tett på fagmiljøa i bydelen. Eitt av måla med prosjektet i Søndre Nordstrand er at kunnskapen skal takast raskt i bruk.
– I snitt tar det femten år før forskinga vi gjer blir tatt i bruk i tenestene. Det ønsker vi å forandre på, seier Anette Winger.