OsloMet si satsing på barn og unge

OsloMet har igangsatt ei eiga strategisk satsing for inkludering av barn og unge. Satsinga er eit bidrag til regjeringas samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv – lansert i Langtidsplanen for forskning og høyre utdanning 2023-2032.

Barn- og ungesatsinga skal framheve relevant forsking, utviklings- og urdanningsarbeid som allereie blir gjort ved OsloMet. OsloMet utdannar kandidatar og formar profesjonar som er heilt sentrale for å inkludere barn og unge. 

Vi husar nokre av dei viktigaste forskingsmiljøa i Noreg for kunnskap om denne aldersgruppa. Fakulteta og sentera våre bidreg med eit svært viktig kunnskapsgrunnlag gjennom forsking på område av stor betyding for inkluderingsarbeidet; skule, arbeidsliv, fritid, velferdstenestar, utanforskap og marginalisering.

Vidare har OsloMet lang erfaring med å jobbe tett saman med andre samfunnsektorar om kunnskapsbasert utvikling og sosial innovasjon som er relevant for samfunnsoppdraget.

Gjennom denne satsinga vil OsloMet styrke og koordinere dette arbeidet betre, samt legge til rette for meir samarbeid om inkluderingsarbeidet med andre samfunnsaktørar.