Prosjektet vil undersøke ei utvida forståing av kulturarv, det vil seie ulike kulturelle tradisjonar og ytringar, som finst blant barnehagelærarstudentane ved OsloMet og barnehagane deira som arbeidsplass.
Å gi rom for ein større individualitet i den profesjonelle rolla gir rom for eit større mangfald. I dette prosjektet ønsker vi å auke dialogen mellom utdanning og praksis, gi inspirasjon og direkte metodar som kan takast rett ut i feltet, og som kan bringe inn mange forteljingar frå ulike liv.
Hausten 2025 er det planlagt inntak av 80 studentar på Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Studentane har samling på OsloMet kvar tredje veke.
Varierte samlingsstundar
Som ein del av arbeidet med å skape tilhøyrsel til eige studieprogram og fagmiljø vil vi bygge opp korte samlingsstunder etter idé frå samlingsstunda i barnehagane. Samlinga vil strekke seg over ca 15-20 minutt, med 10 minutt refleksjon i etterkant.
Desse samlingsstundene vil vere produksjonar med gjennomarbeidd dramaturgi som skal inspirere og begeistre studentane til å gjere noko liknande i eigen barnehage. Vi vil invitere inn kollegaer frå alle fag ved Institutt for barnehagelærerutdanning til å leie hendinga.
Samlingane kan innehalde song på ulike språk som speglar det språklege mangfaldet vi har blant studentane, forteljingar og eventyr med røter frå ulike land, rørsle, utforsking og leik med rim og reglar. Noko av innhaldet vil bygge på gjentaking og attkjenning av innhald, men med variasjon, slik det er i barnehagen.
Staden for aktiviteten vil variere: Ute, inne, store rom, små rom, avhengige av kva klasserom vi er i og kva andre rom som er tilgjengeleg. På denne måten vil vi også kunne utforske betydninga av rommet, som “den tredje pedagogen”. I sjølve samlingsstunda vil det krevjast full merksemd og nærvær, og studentane blir bede om å legge vekk andre utstyr.
Innsamling av dokumentasjon
Prosjektet blir dokumentert ved å samle inn planleggingsnotat til innhald i samlingsstundene, notat frå observasjon av sjølve samlinga og notat frå refleksjonar i etterkant av samlinga. I tillegg vil vi gjennomføre intervju med studentar som har deltatt i prosjektet for å få innblikk i erfaringane deira, læringsutbytte og om/på kva måtar dei tar innhaldet med seg til eigen barnehage. Intervjua vil også undersøke kva dei tenker om å bygge felleskap og nærleik til den kommande profesjonen sin på denne måten, og om, og korleis, samlingane inspirerer til å bruke kulturbagasjen sin og fagkunnskap i barnehagen.
Det vil publiserast ein artikkel om prosjektet i etterkant med tema “tilhøyrsel og kulturelt mangfald i studentlæring”. Vi vil også invitere med oss studentar til å skrive bachelor eller masteroppgåve innanfor prosjektet.
Pilot for utdanninga
Prosjektet er tenkt som ein pilot som, dersom det fungerer etter planen, kan implementerast i heiltidsutdanninga frå hausten 2026 og bli eit bidrag til å skape meiningsfulle samanhengar mellom utdanning og praksis for ferske studentar.
Saman med resultat frå forskingsprosjektet Levende kulturarv vil prosjektet i 2027 inngå som grunnlag for å søke midlar via Horisont Europa under Pillar 2, Cluster of Culture, Creativity and Inclusive Society.