English version

Levende Kulturarv

I prosjektet Levende Kulturarv er vi særleg opptatte av korleis musikk, i form av tradisjonelle og nye songar, kan bidra til bevaring og fornying av immateriell kulturarv i barnehagen og i barnehagelærarutdanninga.

Bakgrunn for prosjektet

Barnehagen er ein viktig kulturarena for små barn som veks opp i dagens fleirkulturelle samfunn. I prosjektet Levende Kulturarv er vi særleg opptatte av korleis musikk, i form av tradisjonelle og nye songar, kan bidra til bevaring og fornying av immateriell kulturarv i barnehagen og i barnehagelærarutdanninga.

Musikk og song utgjer ein vesentleg og ibuande del av miljøet i barnehagen, og kan sjåast på som ein del av kulturarven til barnehagen og estetiske praksis. Musikalsk praksis er viktig og relevant for små barns liv. Kvaliteten på små barns kvardagsliv er nært knytt til kva erfaringar og praksisar barn tar del i barnehagen. sjølv om mange har ei førestilling om at norske barnehagar bruker mykje song og musikk i kvardagen, så viser tidlegare forsking at utvalet av songar som blir sungne er forholdsvis lite, og dessutan at eit variert musikkarbeid er avhengig av eldsjeler som drar arbeidet framover.

Forskingsspørsmål og metodar

Spørsmålet om korleis teknologi kan bidra til å utvikle studentar og læringa og arbeidet til tilsette med musikk og kulturarv, vil bli undersøkt i eit aksjonsforskingsinspirert design. Prosjektet vil også gjennomføre ei spørjeundersøking som set søkelys på korleis eit større utval barnehagelærarstudentar og tilsette i norske barnehagar vurderer interessa si og engasjementet sitt for musikk og song.

Samfunns- og forskingsbidraget for prosjektet

Samla sett skal prosjektet Levende Kulturarv skape ei djupare forståing av korleis teknologi kan bidra til å påverke det profesjonelle arbeidet til deltakarane med musikk og kulturarv. Prosjektet vil også utforske immateriell kulturarvs betydning for barn som veks opp i dagens fleirkulturelle samfunn, betydninga av kulturarven for profesjonsutøvarar og studentars engasjement i song- og musikkpraksisen til barnehagen, og teknologi som verktøy i arbeid med musikk.

Prosjektdeltakere

Laster inn ...

Samarbeidspartnere

Forskinga blir utført i tett samarbeid mellom Institutt for barnehagelærarutdanning ved OsloMet, barnehagar frå Oslo kommune, Bydel Nordre Aker og barnehagar frå Læringsverkstedet, den største private barnehagekjeda i Noreg.