Prosjektet utforskar to familiesenter med lågterskeltilbod for småbarnsfamiliar i bydel Bjerke i Oslo og korleis tilboda fremmar sosial støtte for familiar med små barn.
Bydelen har meldt eit behov for meir kunnskap om korleis dei ulike lågterskeltilboda for småbarnsfamiliar samarbeider og utfyller kvarandre.
Vi utforskar eit kommunalt familiesenter og eit frivillig familiesenter drive av Røde Kors. Vi ser nærmare på korleis lågterskeltilboda kvar for seg og saman fremmar sosial støtte for familiar med små barn og om det er potensiale for å utvikle samarbeidet og samanhengen mellom tilboda.
God sosial støtte inneber å ha nære relasjonar, nokon som bryr seg og nokon å spørje om hjelp. Familiar med kort butid i Noreg og som er lite integrerte, er særleg utsette når det gjeld grad av sosial støtte.
Prosjektet blir gjennomført som ein kasusstudie der vi bruker ulike kvalitative metodar for å samle inn data. Prosjektet vil gi oss djupnekunnskap om konkrete praksisar og potensiale for ei heilskapleg tilnærming for å fremme sosial støtte for småbarnsfamiliar.
Denne kunnskapen vil
- svare på behovet til bydelen for meir kunnskap om lågterskeltilbod for småbarnsfamiliar
- inngå som kunnskapsgrunnlag i ein større prosjektsøknad
Prosjektet er finansiert av såkornmidlar frå OsloMet si satsing på barn og unge.
Prosjektdeltakarar
Meir om prosjektet
Ein god barndom er grunnleggande for livet som voksen, og tidleg innsats står heilt sentralt i arbeidet med å motverke seinare utanforskap. Tidleg innsats handlar om å skape gode samspelarenaer som er støttande, inkluderande og stimulerande for foreldre og barn.
Førebyggande tiltak er likevel ikkje berre viktig for framtidig deltaking, det er også viktig for at barn skal ha det godt her og no. Å tilby støtte til familiar med små barn påverkar trivselen til barnet og styrker evna foreldra har til å fremme utviklinga til barnet.
Helsestasjonen og open barnehage er samarbeidspartnarar i førebyggande helse- og familievern i kommunen. Tilboda er ofte samlokaliserte i familiesenter. I nokre kommunar finst det også frivillige aktørar som skal supplere offentlege tenester ved å tilby sosiale møteplassar og aktivitetar for familiar.
Samarbeidspartnarar
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar på Fakultetet for helsevitskap og Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar på OsloMet, Oslo kommune ved bydel Bjerke og Oslo Røde Kors.