Portrett av Janikke Solstad Vedeler

Forsking for betre tenester til familiar med funksjonshemma barn

Eit nytt forskingsprosjekt leidd frå OsloMet får 12,4 millionar kroner frå Noregs forskingsråd. Saman med kommunar og organisasjonar skal forskarane undersøke korleis tenestene til familiar med store hjelpebehov kan bli meir heilskaplege og tilpassa kvardagen deira.

For familiar med funksjonshemma barn er gode og tilgjengelege helse- og velferdstenester heilt avgjerande for livskvalitet og deltaking i samfunnet. Noregs forskingsråd har løyvd midlar til eit prosjekt som skal undersøke korleis slike tenester blir koordinerte, og kva kvalitet dei har.

– Vi skal særleg studere barnekoordinator-ordninga, ei relativt ny teneste i kommunane. Barnekoordinatoren skal sikre betre samordning av tenester for barn med funksjonsnedsettingar og avlaste foreldra, seier prosjektleiar Janikke Solstad Vedeler ved NOVA, OsloMet.

Forskarane skal undersøke korleis ordninga fungerer i praksis i utvalde kommunar, og korleis den best kan bidra til heilskaplege og gode tenester for familiar med barn som har store hjelpebehov.

– Vi er veldig glade for at vi får denne moglegheita, og ser fram til å begynne arbeidet, seier Vedeler. 

– Vi byggjer vidare på tidlegare forsking og vil utvikle kunnskap som kan hjelpe familiar med funksjonshemma barn å få betre tenester frå velferdsstaten. 

– Gjennom samarbeid med kommunar og interesseorganisasjonar kan vi utvikle kunnskap som seier noko om kva som skal til for at familiar med funksjonshemma barn skal få oppfylt menneskerettane sine.

Eit sterkt forskingsmiljø

– NOVA har bygd opp eit av Nordens fremste forskingsmiljø innan forsking om funksjonshemming, seier direktør Guro Ødegård ved NOVA. 

– Dette prosjektet vil gi ytterlegare kunnskap om korleis funksjonshemma barn og deira føresette kan få ein kvardag som gir dei tid og rom til å vere familie på lik linje med andre familiar, dyrke interesser og sosiale relasjonar.

Les meir om forskning på nettsida til Nettverk om forsking på funksjonshemma ved OsloMet.

Samarbeid mellom forskarar, kommunar og interesseorganisasjonar

Eit tverrfagleg forskarteam med bakgrunn frå helse- og samfunnsvitskap leier arbeidet. Dei kombinerer metodar som registerdata, intervju, feltarbeid og casestudiar.

Forskarane Janikke Solstad Vedeler, Kaja Larsen Østerud , Sigurd Eid Jacobsen og  Vegar Bjørnshagen frå NOVA og Elena Albertini Früh og Anette Winger frå fakultetet for helsevitskap deltar frå OsloMet. Dei skal samarbeide med Cecilie Høj Anvik frå Nord universitet og Idunn Brekke ved Folkehelseinstituttet.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med fire kommunar og bydelar (Bodø, Frogner, Lillestrøm og Rælingen), og dessutan tre organisasjonar for funksjonshemma (Unge funksjonshemmede, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og Handikappede barns foreldreforening).

– Dette partnarskapet sikrar både tilgang til feltet og utvikling av kunnskap med solid forankring i praksis, understrekar Vedeler.

Prosjektet har tittelen Coordinated Care for Children: Enhancing Quality in Health and Welfare Services to Families with Disabled Children (CoCare) og vil starte opp i slutten av 2025 og vare ut 2029.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 25.06.2025 | Nina Eriksen | Foto: Halvard Dyb, OsloMet