I dette prosjektet undersøker vi korleis helsesjukepleiarar vurderer barns språkutvikling, rettleier foreldre og eventuelt viser barn til andre instansar.
Nasjonal fagleg retningslinje for Helsestasjon 0–5 år som Helsedirektoratet skreiv i 2006 blir revidert i år. Derfor er det interessant å belyse breidda i språkarbeidet som blir gjort på helsestasjonane, og dessutan vurderingane helsesjukepleiarane gjer i møte med ulike familiar og prøve å bidra til kunnskapsgrunnlaget til den nye retningslinja. Dette er målet med dette såkornprosjektet.
Vi ønsker å sjå på korleis ulike organiseringsmodellar og samarbeidsstrukturar påverkar oppgåvene til helsesjukepleiarane knytte til barns språkutvikling.
Resultata skal bidra til ei auka forståing for arbeidet til helsestasjonen med barns språkutvikling, og inngå i kunnskapsgrunnlaget for framtidige forskingsprosjekt om og med helsestasjonstenestene.
Innsamling av tre datasett
Vi samlar inn og analyserer tre datasett som kartlegg helsesjukepleiarar sine praksisar rundt og refleksjonar om barns språkutvikling i helsestasjonsprogrammet.
- Det første datasettet er praksisrapportar frå studentar ved ei helsesjukepleiarutdanning, der dei kartlegg praksisar ved ulike helsestasjonar.
- Det andre datasettet er transkripsjonar frå fokusgruppeintervju med dei same studentane etter at dei har gjennomført endå éin praksisperiode, der dei skal diskutere tendensane i rapportane.
- Det tredje datasettet er transkripsjonar av fokusgruppeintervju med erfarne helsesjukepleiarar, der vi utdjupar problemstillingane frå studentmaterialet.