Tre kvinner sit på ein benk utandørs på studiestad Pilestredet

Samarbeider med Nes kommune om betre ernæring for småbarn

Masterstudentar i helsesjukepleie deltar i eit forskingsprosjekt i samarbeid med helsestasjonen i Nes kommune. Målet er betre rettleiing i ernæring for småbarn.

– Det er fint å vere med på eit prosjekt der resultata kan ha nytteverdi for kommunen, seier Sarah Camilla Krabseth, masterstudent i helsesjukepleie.

– Eg har alltid synst ernæring har vore kjempespennande. Gjennom å delta i dette prosjektet får eg lære meir om spedbarnsernæring, seier medstudent Henriette Kristine Grymyr.

Dei skriv begge masteroppgåve tilknytt forskingsprosjektet “Ein god start i Nes kommune: Korleis tidleg innsats på ernæring bygger framtidas folkehelse”. Prosjektet går føre seg i tett dialog med helsepersonell på helsestasjonen i kommunen. Resultata skal seie noko om korleis tidleg innstas på ernæring kan gi betre folkehelse.

Utfordringar med overvekt og fedme

Initiativet til samarbeidsprosjektet kom frå klinisk ernæringsfysiolog i Nes kommune, Gry Irene Granli Schultz.

– Samarbeidet med OsloMet betyr viktig kompetansestøtte og fasilitering i forskings- og utviklingsarbeid som kjem til nytte i det førebyggande folkehelsearbeidet i kommunen, seier Schultz.

Ein høg del av befolkninga i kommunen har overvekt og fedme og eit kosthald med lågt inntak av frukt og grønt. For å komme i møte dette, har helsestasjonen gjennom fleire år tilbode foreldrerettleiing i grupper der foreldre til små barn lærer om barns eteutvikling, kosthald og matvanar.

– Grunnlaget for matgleda, matlysta og matvanane til barn blir danna allereie  i første leveår, seier prosjektleiar Sigrun Henjum. Ho er professor i samfunnsernæring ved Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid ved OsloMet.

– Derfor er denne typen tidleg foreldrerettleiing viktig.

Henjum fortel at helsestasjonen kontakta OsloMet fordi dei ønskte å vite meir om korleis foreldra opplever rettleiingstilbodet. Dei ønskte også meir data om eteåtferd og matingspraksis blant foreldre i kommunen.

Evaluerer rettleiingstilbod og skaffar data om ernæringspraksis

Sarah Camilla Krabseth har saman med Ida Torp Amundsen intervjua 15 foreldre om opplevingane deira med rettleiingstilbodet som blir gitt når barna er ti månader gamle.

Henriette Kristine Grymyr har saman med Julie Eikeland og Nora Eide Trollvik samla inn data gjennom eit spørjeskjema der foreldre med barn mellom fire og 24 månader har svart på spørsmål om kosthalda og matvanane til barna. 

Datainnsamlinga blei avslutta i januar, og rundt 120 foreldre, som er nær halvparten av foreldre i målgruppa, har vore med på studien.

Viktig med forskingsbaserte råd om ernæring

I mai skal masterstudentane presentere resultata for dei tilsette på helsestasjonen. Det vil gi kommunen nyttig kunnskap om mellom anna forskjellar i matingspraksis mellom foreldre med ulikt utdanningsnivå, og korleis rettleiingstilbodet kan tilpassast for å gi endå betre informasjon til foreldra.

Det å kunne legge til rette for at foreldre får tilgang på forskingsbaserte ernæringsråd, er noko begge dei to studentane er opptatte av.

– Det finst så mange ulike råd om ernæring frå ulike kjelder. Eg trur det er vanskeleg for dagens foreldre å navigere i all denne informasjonen, seier Grymyr.

– Det er viktig å tilgjengeleggjere den informasjonen som faktisk er forskingsbasert, supplerer Krabseth.

Rettleiar Henjum seier ho er imponert over kva studentane får til. No er ho i gang med å rekruttere nye masterstudentar  til prosjektet, og jobbar også med å etablere ein ph.d..-stilling.

Om prosjektet

Aktuelt studium

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 23.03.2026 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)