Prosjektet «SAFE@HOME: Technologies of care for aging migrants» har fått 15 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å utvikle løysingar for digital heimeoppfølging av eldre immigrantar.
Meir kunnskap om eldre innvandrarar
OsloMet har fått tilsegn til to prosjekt, som begge blir leidde av professor Marit Haldar ved Institutt for sosialfag.
– Dei første arbeidsinnvandrarane til Noreg har no blitt gamle, men vi veit veldig lite om korleis dei har det. SAFE@HOME-prosjektet skal utvikle gode og meir inkluderande heimetenester for denne gruppa, forklarer Haldar.
Les om Haldar sitt andre prosjekt, “Berekraftig radikal oppgåvedeling i helse og omsorgssektoren”.
Velferdsreformer må fungere for alle
Den pågåande velferdsreforma «Bo trygt heime» legg opp til at fleire eldre skal kunne bu heime lenger.
Reforma handlar blant anna om å gjere heimane meir aldersvennlege og ta i bruk velferdsteknologi.
– Vi veit at migrasjon ofte heng saman med lågare sosiale ressursar. Har alle desse migrantane dei ressursane som trengst for å ta vare på eigen alderdom? spør Haldar.
Ho meiner kommunar med store minoritetsbefolkningar treng forskingsbaserte løysingar som sørger for at velferdsreforma også fungerer for eldre innvandrarar.
Prosjektleiar Marit Haldar Foto: Sonja Balci / OsloMet
Skal utvikle tilpassa løysingar
Eldre innvandrarar har ofte høgare sjukdomsbelastning, fleire kroniske lidingar og fleire psykiske helseutfordringar. I tillegg kan språk, kulturforskjellar og ulike forventningar til familieomsorg skape barrierar som gjer at mange sjeldan oppsøker kommunale helsetenester.
– Prosjektet vårt handlar om å forstå korleis dei har det, slik at vi kan utvikle teknologi og løysingar som gjer det mogleg for dei å bu trygt heime, seier Haldar.
Ho påpeikar at dei fleste teknologiske hjelpetenester som blir brukte i norske kommunar er utvikla frå eit vestleg perspektiv..
– Vi treng meir kunnskap om kva desse eldre innvandrarane faktisk treng, for å kunne gi dei betre, meir treffsikre og kulturelt tilpassa heimetenester.
Prosjektet er eit samarbeid mellom OsloMet, UiO, Durham University), bydel Søndre Nordstrand, bydel Alna, Skien kommune og designbyrået Comte Bureau.