Norske lærarar rapporterer om meir uro blant elevane, kunne vi nyleg lese i Aftenposten sin omtale av OECD-rapporten Teaching and Learning International Survey (TALIS) (aftenposten.no).
Korleis jobbar eigentleg lærarar med å handtere slik uro?
Halvor Spetalen, dosent ved OsloMet, trenar studentane i klasseleiing som del av yrkesfaglærarutdanninga. Han fortel at mange knyter klasseleiing til å få ro i klassa, men at dette berre er ein del av bildet.
– Først og fremst handlar klasseleiing om å bygge eit miljø der elevane veit kva som er venta, opplever tryggleik, blir møtt med respekt og får hjelp til å halde merksemda retta mot arbeidet.
Men dette er vanskeleg å få til, understrekar han, spesielt for nye lærarar.
Eit godt læringsmiljø må byggast
Spetalen framhevar at eit godt læringsmiljø blir utvikla gjennom mange små og store val læraren tar kvar einaste dag. Vala kan for eksempel handle om korleis timen startar, korleis ein møter elevane, korleis ein organiserer rommet, korleis ein presenterer oppgåver og korleis ein leier overgangar.
– Når elevane opplever at læraren har oversikt, er tydeleg og samtidig roleg, skaper det tryggleik. Det er heilt sentralt at elevane veit kva dei skal gjere og kvifor dei skal gjere det.
Han understrekar at klarleik og føreseielegheit gir mindre usikkerheit og mindre rom for uro.
– Utfordrande situasjonar oppstår ikkje nødvendigvis fordi elevane i seg sjølve er vanskelege. Dei kan også komme av at rammene rundt undervisninga blir uklare, tempoet fell eller aktiviteten mistar retning.
Derfor er det førebyggande arbeidet til læraren heilt sentralt, seier han:
– God klasseleiing handlar om å leie undervisninga slik at læringsmiljøet blir så godt som mogleg frå starten av.
Relasjonar er ein del av klasseleiinga
Når Spetalen underviser og trenar yrkesfaglærarstudentar i klasseleiing framhevar han at eit godt læringsmiljø bygger på gode relasjonar.
– Elevar lærer betre når dei opplever at læraren ser dei, lyttar til dei og møter dei med respekt.
Samtidig er han opptatt av at elevar treng vaksne som både er varme og tydelege, og at dette er ein viktig balanse å vere klar over, spesielt for nyutdanna lærarar. Han peikar på at elevar treng å merke at læraren vil dei vel, men også at det finst grenser og forventningar:
– Ein lærar som bygger tillit, og samtidig held fast ved rammer og avtaler, vil ofte oppleve at det blir lettare å leie klassa. Gode relasjonar gjer ikkje tydeleg leiing mindre viktig.
Bør planlegge flyten i undervisninga
Det viktigaste ein lærar kan gjere er å skape tydelege rutinar og gode arbeidsvanar, meiner Spetalen.
– Det blir mindre rom for forstyrringar og misforståingar når elevane veit korleis undervisninga begynner, kva som er venta undervegs, og korleis aktivitetar blir avslutta.
Særleg overgangar er sårbare, understrekar han, då det ofte er i skiftet mellom aktivitetar at uro oppstår. Venting, uklarleik og dødtid gir grobotn for avsporingar. Derfor bør læraren planlegge flyten i undervisninga.
Mål: lågast mogleg inngrepsnivå
Men sjølv om læringsmiljøet er godt, vil det alltid oppstå situasjonar der læraren må gripe inn, fortel Spetalen. I slike tilfelle anbefaler han å følgje eit prinsipp om å bruke lågast mogleg inngrepsnivå.
– Eit lågast mogleg inngrepsnivå betyr at læraren prøver å løyse situasjonen med så små midlar som mogleg, men så tydeleg som nødvendig, seier han.
– Det kan vere eit blikk, ei kort påminning, ei rørsle i rommet eller ei lågmælt beskjed. Ikkje alle situasjonar krev ei korrigering eller tydeleg reaksjon framfor heile gruppa.
Ofte verkar det best å gripe inn tidleg og roleg før situasjonen får utvikle seg.
– Jo tidlegare og meir presist læraren grip inn, desto mindre er sjansen for at uroa spreier seg eller utviklar seg til konflikt.
Når elevar hindrar læringa
I alle læringssituasjonar kan det oppstå situasjonar der enkeltelevar eller elevgrupper oppfører seg på måtar som hemmar læringa for seg sjølv og for andre. Det kan vere gjennom å avbryte, trekke merksemda bort frå arbeidet, eller motseie beskjeder. Når læraren må korrigere åtferd, meiner Spetalen det som regel er klokt å vere konkret og roleg:
– Si kva eleven skal gjere i staden for å dvele ved alt som er gale. Hald merksemda på handlinga, ikkje på eleven som person.
God undervisning og godt miljø heng saman
Klasseleiing kan ikkje skiljast frå kvaliteten på undervisninga, meiner Spetalen. Elevar held lettare fokus når oppgåvene opplevest som meiningsfulle, relevante og gjennomførbare. Derfor vil både læringsmiljøet og elevanes motivasjon styrkast når læraren gir tydelege mål, varierer arbeidsmåtar og følgjer opp med tilbakemeldingar.
– Viss undervisninga blir for uklar, passiv eller for lite engasjerande, svekker det læringsmiljøet.
Særleg nyutdanna lærarar bør vere klar over at klasseleiing ikkje er noko som kjem i tillegg til undervisninga, men er ein del av undervisninga. Det er eit profesjonelt ansvar læraren har som inneber arbeid med relasjonar, rammer og læring, og for lærarstudentar og nyutdanna lærarar er det sentralt å akseptere at dette er kompetanse som blir utvikla over tid:
– Ingen er ferdige klasseleiarar den dagen dei går ut av lærarutdanninga. Men eit bevisst forhold til læringsmiljø, førebygging og lågast mogleg inngrepsnivå gir eit godt utgangspunkt, avsluttar Spetalen.
Sju råd til lærarar som vil skape eit godt læringsmiljø
- Bygg relasjonar tidleg. Lær namn, vis interesse og møt elevane med respekt.
- Lag klare rutinar for oppstart, overgangar og avslutning.
- Tenk førebygging før korrigering. Eit godt læringsmiljø gir færre konfliktar.
- Bruk lågast mogleg inngrepsnivå når du må gripe inn.
- Ver roleg, tydeleg og konkret i møte med uro.
- Korriger handlingar, ikkje personar.
- Hugs at klasseleiing er noko du utviklar gjennom erfaring, refleksjon og trening.