Kvinne som brukar teiknspråk i undervisingsrom.

Statsautorisasjonsprøve i norsk teiknspråk frå 2027

No blir det for første gong mogleg å bli statsautorisert tolk mellom norsk talespråk og norsk teiknspråk. Du kan søke om å ta prøva ved OsloMet våren 2027.

Statsautorisasjonsprøva skal gi brukarar av tolketenester, som for eksempel sjukehus, kommunar, domstolar og skolar, ein garanti for at dei får profesjonelle tolketenester av svært høg kvalitet.  

Fram til no autorisasjonsprøva berre vore eit tilbod for talespråktolkar. No blir det også mogleg for teiknspråktolkar å få tittelen “statsautorisert tolk”, og vere inkludert i det ansvaret og den tillita som ein statsautorisasjon representerer. Teiknspråktolkar får dermed også tilgang på den øvste kvalifikasjonskategorien i Nasjonalt tolkeregister, som er for tolkar med både statsautorisering og tolkeutdanning.   

Våren 2027 blir prøva tilbode på norsk teiknspråk for første gong. Prøva vil deretter tilbydast jamleg, avhengig av etterspørsel og behov.  

To kvinner står foran ein murvegg.

Marthe Ødegård Olsen (t.v.) og Kristiina Antinjuntti, seniorrådgivarar ved OsloMet, har jobba med å få på plass OsloMets tilbod om statsautorisasjonsprøve i norsk teiknspråk. Foto: Siv Tonje S. Håkensen / OsloMet

Ei viktig anerkjenning 

– Tolketenester av høg kvalitet er avgjerande for å vareta rettane til alle som er i kontakt med det offentlege, seier dekan Roger André Federici ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium. 

– Derfor er vi glade for at denne prøva endeleg kan tilbydast. Det er ei viktig anerkjenning av teiknspråktolkars betydning i samfunnet.   

Noregs første statsautoriserte teiknspråktolkar   

Statsautorisasjonsprøva i norsk teiknspråk blei utvikla og gjennomført for første gong som ein pilot i 2024. Kandidatane som bestod pilotprøva i 2024 vil no endeleg kunne få løyve som statsautorisert tolk når ordninga blir formelt innført. Dei vil dermed bli Noregs første statsautoriserte tolkar i språkkombinasjonen norsk – norsk teiknspråk.  

Vil du ta prøva i 2027? Meld interessa di her!  

For å kunne planlegge for eit godt tilbod, treng vi å vite kor mange som er interesserte i å ta prøva. Det er derfor viktig at du som vurderer å ta prøva registrerer interessa di i administrasjonssystemet vårt.   

Det gjer du ved å registrere deg med en profil (enovateas.com) og registrere interesse for prøve i norsk teiknspråk.  

Registreringa er ikkje forpliktande, men ved å registrere deg vil du få ei påminning når vi opnar for søknader.  

Vi opnar for søknader 15. desember.  

Den digitale silingsprøva vil gjennomførast våren 2027, mens den praktiske prøva vil haldast i løpet av hausten 2027 for kandidatar som består silingsprøva.  

Følg med på nettsida til statsautoriasjonsprøven for oppdateringar om prøvetilbodet i teiknspråk. 

Kva er statsautorisasjonsprøva i tolking? 

Publisert: 23.10.2026 | Mari Nielsen Vaage