Portrett av Karolin Moberg ved NOVA, OsloMet.

Karolin Moberg: – Burde eg kanskje byrje å spele dataspel?

Bli kjent med NOVAs stipendiatar: Karolin sitt draumeprosjekt var å forske på korleis ungdommar eller særleg gutar brukar Discord i samspel med dataspel til å snakka om kjensler og psykisk helse. I doktorgradsprosjektet sitt kan ho det.

Fortel litt om prosjektet ditt

– I doktorgradsprosjektet mitt skal eg klargjere kva potensiale dataspel har som inkluderingsarena i ungdomstida. Ungdom lever i aukande grad liva sine på digitale flater, og datakultur har vorte ein viktig del av oppveksten til barn og unge. Tilgang til digitale arenaer har vorte viktige for å delta i sosiale samanhengar med andre ungdommar.  

– Me veit at aspekt som kjønn og økonomi kan fungere avgrensande og ekskluderande for nokre spelarar. I ei tid der digitalisering blir stadig viktigare og dataspel i aukande grad blir rekna som ein verdifull kompetanse blant fleire arbeidsgivarar, er det viktig at barn og unge har dei same moglegheitene og føresetnadene til å spela dataspel. 

– Mange norske fritidsklubbar brukar dataspel som ein del av aktivitetstilboda sine til unge. Denne typen opne møteplassar for ungdom er blant dei aktørane som har potensiale til å skape demokratiserande og inkluderande arenaer, med trygge vaksenpersonar, der digitale og fysiske møteplassar blir sameinte. 

– Derfor skal eg i dette prosjektet mellom anna undersøkje kva rolle tilknyting til fritidsklubben spelar for opplevingane til ungdommane av inkludering på dataspelarenaen.

Kva lurer du mest på for tida?

– Burde eg eigentleg byrje å spele dataspel?

Kva fekk deg til å velje å starte på eit doktorgradsløp?

– Eg er ein nysgjerrig type og synest det høyrdest freistande ut å kunne bruke dei neste fire åra til å fordjupe meg i ein tematikk eg finn spennande. Når Ungdomsseksjonen fekk ph.d.-midlar til eit prosjekt om ungdom, dataspel og inkludering, som er dei tre tematikkane eg interesserer meg for, var det ingen tvil om at eg ville byrje på ei doktorgrad.   

Kva er bra med å vere stipendiat ved NOVA?

– Eg kjenner meg utruleg heldig som får vere stipendiat på forskingsinstituttet NOVA, og det er fleire grunnar til det. For det første kunne eg ikkje vore på ein tematisk rettare stad enn ungdomsseksjonen for mine forskingsinteresser. 

– Samtidig er forskarane her både er hyggjelege, inkluderande og rause med å komme med råd og tilbakemeldingar til uerfarne stipendiatar, både fagleg og om livet generelt som eg set stor pris på.

– Som om ikkje det var nok, så er eg også omringa av ein gjeng flinke og gøyale stipendiatar. Så alt i alt kjenner eg meg superheldig som får vere stipendiat her!  

Korleis ser draumeprosjektet ditt ut?

Draumeprosjektet mitt dei siste åra har vore å kunne undersøkje korleis ungdommar eller særleg gutar bruker chatteplattforma Discord i samspel med dataspel til å snakke om kjensler og psykisk helse. 

– Heldigvis var også dette ein tematikk Ungdom og fritid var interessert i å undersøkje, og derfor er dette blant tematikkane eg skal undersøkje i ph.d.-prosjektet mitt. Så sånn sett er eg heldig som får jobba med draumeprosjektet mitt no. 

Faktaopplysningar

Laster inn ...
Publisert: 21.02.2024 | Halvard Dyb