Portrett av Katarina Sirris Karantonis

– Eg lurar på korleis eg skal gjere gode avgrensingar, for det er så mykje viktig eg har lyst til å skrive om

Katarina Sirris Karantonis sitt doktorgradsprosjekt handlar om transnasjonalt vern av barn utsett for skadeleg utanlandsopphald.

Fortel litt om prosjektet ditt! 

Eit skadeleg utanlandsopphald definerer eg som eit opphald utanfor Noregs grenser der barn blir utsette for handlingar som kan straffeforfølgjast etter norsk rett, eller som kan karakteriserast som omsorgssvikt etter barnevernslova. 

Dette er eit rettssosiologisk prosjekt. Eg skal både analysere det rettslege handlingsrommet når barn med bustad i Noreg oppheld seg i eit land som ikkje har ratifisert Haagkonvensjonen 1996, og undersøke korleis tilsette i barnevernstenesta forstår og handhevar regelverket i slike saker.

Til slutt skal eg samanlikne funna for å identifisere eventuelle «hol» i regelverket eller i praksis. 

Kva lurer du aller mest på for tiden? 

Når det gjeld avhandlinga, så lurar eg no på korleis eg skal gjere gode avgrensingar for det er så mykje viktig eg har lyst til å skrive om. 

Elles lurer eg generelt på korleis vi kan styrke respekten for menneskerettane i denne verda vi lever i, for det trengst verkeleg

Kva fekk deg til å velje å ta doktorgrad? 

Eg har i mange år arbeidd med saker om skadelege utanlandsopphald, både direkte med utsette, med rettleiing av hjelpeapparatet i Noreg og i utlandet, og med regelverksarbeid.

Så eg veit kvar skoen klemmer, og at barn som lever transnasjonale liv, kan falle mellom alle stolar. Eg har hatt lyst til å skrive ph.d.-avhandling om denne tematikken lenge, og då moglegheita kom måtte eg sjølvsagt gripe henne.

Kva er bra med å vere stipendiat ved NOVA? 

Eg har alltid hatt stor respekt for forskarane ved NOVA. Mange av rapportane herfrå har vore til stor nytte i arbeidet mitt. Etter at eg kom hit har eg fått erfare at desse kunnskapsrike forskarane også er veldig hyggelege kollegaer. 

Det er nesten surrealistisk og veldig gøy å få vere ein del av det gode miljøet her, både fagleg og sosialt.

Kva er draumeprosjektet ditt? 

Det må vere eit internasjonalt prosjekt om transnasjonalt vern av barn. For dette er utfordringar som krev internasjonalt samarbeid for å finne gode løysingar. 

Fakta

Laster inn ...
Publisert: 23.03.2026 | Halvard Dyb