Fortel litt om prosjektet ditt!
Det handlar om menneske som samarbeider på tvers av sektorar om å førebygge ung utanforskap. Nærmare bestemt ser eg på potensialet til samarbeidet for institusjonell innovasjon i område av utdanningssystemet som er prega av uklare mandat og opne handlingsrom - såkalla «mjuke punkt».
Utgangspunktet er eit samarbeid mellom sosiale entreprenørar, kommunale skulestyresmakter og skular i Oslo og Bergen. Flyt og Guttas Campus er to eksempel på skulesupplerande program i skeiringpunktet mellom skole og fritid. Tanken er at nye arbeidsformer særleg kan oppstå i desse «mellomromma».
Med kvalitative metodar skal eg, saman med dei andre forskarane i prosjektet, undersøke korleis ungdommar, lærarar og programsette til opplever og tolkar sine rollar i grenselandskapet mellom skule og fritid.
Det store spørsmålet eg prøver å finne svar på, er: Kan relasjonar og uformelle måtar å jobbe på faktisk føre til endring i utdanningssystemet, utan at det krev ei offisiell reform først?
Kva lurer du aller mest på for tiden?
Akkurat no grublar eg på kva for ei teoretisk linse som passar best for å forstå kva som skjer når folk frå heilt ulike ståstadar prøver å løyse ei vanskeleg nøtt som skolefråfall saman.
Skal me gjere bruk av institusjonelt arbeid? Organisatorisk læring? Institusjonelle logikkar? «Sensemaking»? Eller kanskje «boundary work»? Mest sannsynleg blir det ein kombinasjon. Og korleis kan eg gjere det forståeleg på eit vis som også gir meining for andre?
Kva fekk deg til å velje å ta doktorgrad?
Etter mastergrada jobba eg i mange år i offentleg forvaltning, med ansvarsområde som utdanning, oppvekst, demografi, elevmedverknad og skoleplanlegging.
Éi erfaring festa seg spesielt: Alle ønskte å samarbeide, men ofte gjekk det gale. Fleire samarbeid kollapsa undervegs. Ikkje fordi folk ikkje ville samarbeide, men fordi vi tenkte og jobba veldig ulikt. På ein måte var det som all koordineringa og praten om samarbeidet gjekk ut over sjølve jobben. Det «kosta meir enn det smakte», for å seie det litt enkelt.
Nysgjerrigheita på dette førte meg til organisasjonsteori. Eg tok noko etterutdanning i organisasjon og leiing ved sida av jobb, og merka at eg hadde blitt meir opptatt av å forstå og sette ord på strukturelle utfordringar enn å løyse enkeltsaker i forvaltninga. Derfor bestemte eg meg for å søke meg over i forskinga.
Som vitskapleg assistent ved NOVA fekk eg bli med Mira Aaboen Sletten og Jon Rogstad i arbeidet med å utvikle forskingsprosjektet GameChanger. Vi søkte støtte frå Forskingsrådet, og i ventetida jobba eg med ulike oppdragsprosjekt og fekk innsikt i både dei to programma som blir studerte og i forskarrolla.
Då vi fekk innvilga midlane, kunne eg søke på stipendiatstillinga. Det var som å få ei dør opna inn til det eg verkeleg hadde lyst til å gjere, og eg er utruleg glad for at eg fekk henne. Det var som ein liten sirkel hadde slutta seg, når min tidlegare arbeidsgivar, Utdanningsetaten i Oslo, i dag er ein av samarbeidspartnarane i Gamechanger-prosjektet. For meg har det vist seg at «alt heng saman med alt».
Kva er bra med å vere stipendiat ved NOVA?
Eg byrja perioden som stipendiat på NOVA etter sommarferien, etter halvtanna år som vitskapleg assistent.
Eg har alléreie kjent på kor stort privilegium det er å få bruke tid på å fordjupe meg i tema eg brenn for – å lese, tenke og skrive, og å utvikle eigne idear. Det kan bli ein overgang å skulle jobbe så sjølvstendig, men eg opplev det samstundes trygt og inspirerande fordi miljøet er så godt.
Folk på NOVA og på OsloMet er ikkje berre fagleg sterke og engasjerte, men også opne, inkluderande og morosame. I tillegg har eg ein super rettleiar frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo som inspirerer. Det gjer at eg verkeleg gleder meg til å komme i gang.
Kva er draumeprosjektet ditt?
Eg synest GameChanger er eit draumeprosjekt, men om eg skal spinne litt vidare, har eg lyst til å fordjupe meg i kreativitet og improvisasjon.
Det spennande er korleis menneskeleg samhandling, både på jobb og i kvardagen, ofte minner om improvisasjon innan musikk eller teater. Som jazzmusikarar som improviserer over ein standardlåt, eller skodespelarar i improteater som bygger vidare på kvarandres innspel, blir noko skapt på nytt og uføreseieleg i møtet mellom menneske.
Eg skulle gjerne utforska korleis denne typen kreativ samhandling fungerer, og kva det kan fortelje oss om samarbeid, kommunikasjon og læring i ulike samanhengar.
Fakta
- Miriam er tatt opp ved doktorgradsprogrammet ved Det samfunnsvitskapslege fakultetet ved Universitetet i Oslo, studieretning sosiologi.
- Ved NOVA er ho knyt til Seksjon for ungdomsforsking og forskingsprosjektet: Betydninga av skole-supplerande tiltak for auka fullføring av vidaregåande opplæring blant utsette ungdommar (Gamechanger).
- Tidsramme for doktorgradsarbeidet er august 2025 til desember 2028.
- Fagdisiplin: sosiologi.
Aktuell lesing/seriar
Då vil eg tipse om to dyktige forfattarar som framleis ikkje er så kjende, men som har skrive mange gode bøker: Ingeborg Arvola (start for eksempel med «Neiden 1970») og Kim Leine (prøv «Kalak – minneroman»).
Serietips: «The Office». Eg er litt «late to the party», men koser meg veldig med den for tida. Elles synest eg «Big Little Liars» var fin og stemningsfull, og eg håpar det kjem fleire sesongar.