To par hendar jobbar med ein elektrisk installasjon

Utvikling av yrkeskompetanse: betydninga av å delta i heilskaplege yrkesoppgåver

Yrkesfagpodden: Mange av elektrofaga har ei teoriprøve før lærlingane får gå opp til fagprøve. Jon Sverre Hårberg og Roger Lossius ved NTNU har forska på kva dette betyr for lærlingane.

Dei siste åra har strykprosenten vore jamt høg samanlikna med andre yrkesfaglege utdanningsprogram. Ein høg del av lærlingane får ikkje deltatt i alle delar av yrkesutøvinga, og ein del lærlingar er lite motiverte for teoretisk undervisning i lærlingløpet. 

Hårberg og Lossius peikar på heilskapleg yrkeskompetanse, praksislogg og yrkesfagleg fordjuping som nokre faktorar som er viktig for at lærlingar i elektrofaga skal lykkast. I tillegg rekk vi innom andre tema som kunstig intelligens. 

Jon Sverre Hårberg (ntnu.no) er førstelektor ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.

Roger Lossius (ntnu.no) er universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.

Høyr episoden av Yrkesfagpodden:

Og alle andre stader ein kan høyre podkast.

Les meir om Yrkesfagpodden.

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.
 

Publisert: 27.06.2025 | Anders Grydeland | Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet