Deltakarar i partnerksap om AKS er samla på OsloMet Holmlia

Verdifullt partnarskap om aktivitetsskolen

Eit initiativ frå Utdanningsetaten blei til eit verdifullt partnarskap med OsloMet som har satt aktivitetsskolen (AKS) på dagsorden.

Dei siste to åra har OsloMet og ein engasjert gjeng med leiarar på AKS i bydel Søndre Nordstrand møttest jamleg på OsloMet Holmlia. På siste samling fekk deltakarane og fagteamet på OsloMet høve til å reflektera over partnarskapet.

– Utviklingsarbeidet er for barna!

Jonas Edvardsen er fagkonsulent i Utdanningsetaten og har koordinert nettverket som representant for skoleeigar. Han fortel at målet har vore å styrke profesjonsfelleskapet på tvers av AKS-ene, med vekt på lærande kulturar og utvikling av læringsfelleskap. 

– Det som har vore unikt med nettverket er at aktivitetsskolane i Søndre Nordstrand har dei same styrkane og utfordringane, og lik elev- og foreldregruppe. Det har bidrege til at tiltaket har sett i verk dei lokala behova, seier Edvardsen.

Utviklingsarbeidet på dei ulike skolane har vore knytt til mellom anna språkarbeid, overgangen frå barnehage til skole, kompetanseutvikling, og rettleiing i tilsettegruppa. 

– Endringsleiing er utfordrande, men vi må hugsa på at utviklingsarbeidet er for barna, seier Edvardsen. 

Han fortel at OsloMet sin kompetanse har vore viktig, og at samarbeidspartnarane har brukt tid saman for å utvikle samlingar som skal treffa AKS-leiarane. Han understrekar at ein av suksessfaktorane for dette nettverket har vore tilgangen til lokala på OsloMet Holmlia. No som partnarskapet med OsloMet er avslutta, skal nettverket drivast av Utdanningsetaten i samarbeid med AKS-leiarane i bydelen.

Aktivitetsskolen er sett på dagsorden

Kristoffer Momrak, AKS-leiar på Seterbråten skole, synest det har vore veldig verdifullt å bli kjent med dei andre AKS-leiarane. Han synest det er fint at Utdanningsetaten prioriterer og ser aktivitetsskolane i bydelen. Faglege perspektiv på rettleiing har vore spesielt nyttige for han. 

Hilde Foss Vinje, som er AKS-leiar på Mortensrud skole, er samd i at nettverket har bidrege til at det er lågare terskel for å ta kontakt med dei andre leiarane.

– Vi har vorte tvinga til å jobbe i djupna med utviklingsarbeidet på skolen vår, seier Vinje.

Ho har særleg hatt utbytte av OsloMets forelesingar om tema som overgang mellom barnehage og skole, leiing og møtekultur. 

Leiar for AKS ved Rosenholm skole, Geraldine Rizalina Grindrud Ahssain, seier ho at brukt mange av metodane som vart presenterte på samlingane, og at forelesingane innan leiing og rettleiing har vore nyttige.

– Deltaking i dette nettverket at bidrege til at AKS-leiarane har vorte tryggare på kvarandre, og at terskelen for å ta kontakt og å samarbeida har vorte lågare, seier ho.

– Vi bør forske meir på skolefritidsordninga

Fagteamet på OsloMet fortalde på den siste samlinga om korleis erfaringane frå partnarskapet har bidrege til utvikling av utdanningane våre. 

Camilla Røkke frå Institutt for barnehagelærarutdanning har lært at AKS har ei veldig viktig rolle i barns liv. Ho har brukt erfaringane i undervisningssamanheng. I tillegg har ho brukt erfaringane i utviklinga av at eit digitalt kurs frå Utdanningsdirektoratet for nykomne som ønsker å jobbe i barnehagar, skolar og SFO/AKS. 

Anita Sundnes frå Institutt for sosialfag synest nettverksarbeidet har gitt eit interessant innblikk i dei ulike måtane AKS er organisert på og kva utviklingsprosjekt dei jobbar med.

– Erfaringane i dette partnarskapet er verdifull som bakgrunnskunnskap for praksis i AKS på barnevernsutdanninga, fortel Sundnes.

Elena Tkachenko frå Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning jobbar mellom anna med byrjaropplæring. Ho har lært mykje om samarbeidet mellom AKS og skole, og kor ulike desse arenaene er. 

– Vi underviser ikkje så mykje om AKS i lærarutdanninga, og vi må førebu lærarane på å samarbeida med AKS-ene, seier Tkachenko. 

Ho har rettleidd ein masterstudent som har undersøkt språkbruk på tre ulike arenaer: klasseromsundervisning, AKS og friminutt. Ho fortel at partnarskapet har gitt henne inspirasjon og utvida perspektiv. 

– Det er ikkje mykje vitskapleg publisering når det gjeld aktivitetsskolen, og vi bør forske meir på skolefritidsordninga, seier ho.

Lærarutdanninga lærer av praksisfeltet

Annette Haslund, som er studieleiar ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, hadde overordna fagleg ansvar for partnarskapet og har sett saman fagteamet. 

– Lærarutdanninga inngår i mange ulike faglege partnarskap, og vi har hatt stor glede av å jobba tett på praksisfeltet. Lærarutdanninga lærer i partnarskap om yrket vi utdannar til, seier Haslund.

Ho fortel at i ho har sett saman eit tverrfagleg team for å vareta tema som overgangen mellom barnehage og skole, laget rundt eleven, og perspektiv rundt AKS som ein alternativ læringsarena for språk. 

– Dette nettverket har også synleggjort behovet for å nå fleire målgrupper med utdanningstilboda våre.

Vibeke Bjarnø, som er instituttleiar ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning, fortel at OsloMet er i ferd med å utvikle eit bachelorprogram og ei årseining i skolefritidspedagogikk med planlagd oppstart hausten 2026. Utdanningane er retta mot alle tilsette som jobbar i skolefritidsordninga eller andre som har lyst til å jobba i SFO/AKS. Studia er på deltid. 

– For dei som arbeider på SFO/AKS vil det vere moglegheit for å gjennomføre noko av praksisen i studia på eigen arbeidsplass. Studia ligg tematisk tett opp til rammeplanen for SFO med mellom anna sosial- og spesialpedagogikk, fortel Bjarnø. 

Om partnarskapet 

OsloMet og Utdanningsetaten i Oslo kommune (UDE) har inngått eit toårig partnarskap (2023-2025) gjennom Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole (DeKomp)

Partnarskapet vart forankra i lokale kompetansebehov på 11 aktivitetsskolar (AKS) i bydel Søndre Nordstrand. Målgruppa for tiltaket var AKS-leiarane i bydelen, som var med på 10 nettverkssamlingar. Rektorane på skolane fekk også høve til å delta. Nettverkssamlingane fann stad på OsloMet Holmlia. 

Fagteamet frå OsloMet har bestått av Elena Tkachenko, dosent ved grunnskolelærarutdanninga, Camilla Røkke, universitetslektor ved barnehagelærarutdanninga og Anita Sundnes, faggruppeleiar på Institutt for sosialfag.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 18.06.2025 | Oana Pintilie | Foto: Oana Pintilie