I 2025 fyller barnehagelærarutdanninga i Noreg 90 år. Forløparen til dagens barnehagelærarutdanning er Barnevernsakademiet i Oslo som blei etablert den 2. september 1935. I 1994 blei Barnevernsakademiet innlemma Høgskolen i Oslo, som i dag er OsloMet.
Dette markerer Institutt for barnehagelærarutdanninga med fleire ulike arrangement.
Feiringa vil vere godt synleg i øvre del av studiestad Pilestredet. Utanfor Pilestredet 52 vil det i starten av september stå eit eige festivaltelt.
Under kan du lese litt om kva som går føre seg dei ulike dagane i starten av september.
Bursdagsfest
Den 2. september blir det burdagfest, med opplevingar og formidling for barnehagebarn, barnehagelærarstudentar, tilsette i barnehagar og i høgare utdanning, og dessutan andre interesserte.
Synnøve Mjeldheim Skaar, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, opnar arrangementet. Utover dagen blir det både leikestasjonar, minikonsertar og forteljarstunder for barn, faglege innlegg og standup-konsert med Trond-Viggo Torgersen. I spåteltet utanfor Pilestredet 52 kan barn (og vaksne) dele ønska sine for framtidas barnehage. Det blir ein eigen sesjon med internasjonale gjester. På kvelden kan du få med deg debattmøte med politikarar om oppvekstvilkåret til barn og unge i Noreg.
Barnehage og utdanning hand i hand
Den 3. september er temaet samarbeid og samhandling gjennom 90 år. Her byr vi på blant anna foredrag, panelsamtale, stands og musikalske innslag. Det blir også stands frå eksterne og interne aktørar. Barneombod Mina Gerhardsen avsluttar dagen.
Fagkunnskap, forsking og formidling
På markeringas siste dag den 4. september, ønsker vi kollegaer, studentar, forskarar og andre barnehagevenner velkomne til å lære meir om kva som syd og koker av fagleg aktivitet og forsking på instituttet vårt.
På denne dagen har vi eit blikk på fortid (kva har det blitt forska på), notid (kva blir det forska på no) og framtid (kva er det nyaste innan forsking). Vi byr på bokbad, panel med stipendiatar, syngande foredrag og mykje meir.
Besøk utstillingane våre
Under heile jubileet kan du også besøke utstillingar av dei historiske samlingane til barnehagelærarutdanninga, blant anna ei unik samling med leikar frå ulike tidsepokar. Les meir om barnehagelærerutdanninges samlingar under.
Stor arbeidsgruppe
Ei stor og flittig arbeidsgruppe er blant dei som har jobba i kulissane for å gjere jubileumsfeiringa mogleg. På bildet kan du sjå delar av arbeidsgruppa, som har allereie begynt å blåse opp ballongar.
Framfor frå venstre: Bushra Fatima Syed og Deepika Vyas. Midten frå venstre: Siri Haukenes, Anne Greve, Lise Lotte Berg Ågedal, Torgeir Haugen og Camilla Midtbøen Røkke. Bak frå venstre: Kristin Danielsen Wolf, Ida Sophie Ertresvaag Jøssund, Camilla Skredderstuen Stolpe og Siv Tonje Håkensen.
Arbeidsgruppa består elles av: Håvard Østli, Kari Anne Jørgensen-Vittersø, Kim Fredrik Torrejas Rognerudengen, Cathrine Døscher, Inger Marie Lindboe, Unn-Christin Håvie, Johnny Hyunh, Sigurd Bergflødt, Hanne Blaafalk, Maria Mwanaisha Brennhovd, Sissel Anikke Hagen, Geir Aaserud, Hilde Bakke, Elisabeth Almaz Berger Eriksen og Therese Breen.
Les meir om jubileet og meld deg på arrangementa under.