Ung mann med VR-briller i ein sal med fleire menneske

Ein visjon for utdanning i ein digital tidsalder

Kva moglegheiter og utfordringar står utdanning overfor som følgje av det digitale skiftet? Det var temaet for ein stor internasjonal konferanse leia av OsloMet-forskar Halla B. Holmarsdottir.

– Eg er utruleg fornøgd med gjennomføringa, seier Halla B. Holmarsdottir. Ho er professor ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved OsloMet, og president i Comparative and International Education Society (CIES). CIES er den største og eldste organisasjonen i verda av sitt slag. 

– Eg er også svært takksam for det fantastiske samarbeidet både med CIES og med seksjon for digital kompetanse her ved instituttet.

Som president hadde Holmarsdottir ansvaret for den 69. årlege konferansen i foreininga, som fann stad i Chicago 22. til 26. mars. Konferansen samla nærmare 3000 deltakarar frå heile verda, inkludert lærarar, forskarar, yrkesutøvarar og avgjerdstakarar.

Utfordringar og moglegheiter med den teknologiske utviklinga

Med temaet "Envisioning Education in a Digital Society", tok konferansen for seg korleis teknologiske framsteg, som generativ kunstig intelligens, internettet til tinga og nye tilkoplingsteknologiar, endrar våre daglege liv, arbeidskvardagar og samfunn – og ikkje minst utdanningssektoren.

– Årets tema utfordra oss til å utforske korleis utdanning kan tilpassast ein stadig meir digital verd. Teknologi gir oss nye moglegheiter for å kople saman elevar globalt, og til å fremme kreativitet og auke tilgangen til læringsressursar, seier Holmarsdottir.

Halla B. Holmarsdottir står på talarstolen i eit konferanserom.

Halla B. Holmarsdottir på talarstolen under den store CIES-konferansen i Chicago. Foto: Joe Underbakke

– Samtidig reiser den teknologiske utviklinga viktige spørsmål rundt personvern, sikkerheit og etikk. Konferansen handla også om korleis vi kan redusere dei negative konsekvensane av digitalisering, som aukande forskjellar og utfordringar knytte til skjermtid og falske nyheiter.

Deltaking frå OsloMet-studentar

– Det var ei fantastisk veke i Chicago. Det er spennande tider i utdanning, særleg i USA, men eg har lært mykje, seier Bjørn Olav Greve, som er student ved grunnskolelærarutdanninga og avtroppande leiar i Studentenes fakultetsråd ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI).

Saman med John Christian Gulvik, student ved barnehagelærarutdanninga og nestleiar i studentforeininga OsloMet Gaming, fekk han høve til å vere med og representere fakultetet på denne internasjonale arenaen. OsloMet Gaming er ei studentdriven foreining for fritidsinteresser som dataspel, Dungeons and Dragons og filmar, og er kåra til "årets forening" av Studentsamskipnaden SiO.

Bjørn Olav Greve, Halla B. Holmarsdottir og John Christian Gulvik står på ein stand for fakultet LUI

Bjørn Olav Greve, Halla B. Holmarsdottir og John Christian Gulvik representerte også fakultetet på ein stand. Foto: Privat

Greve fortel at han fekk ete middag med UNESCO og medlemmer av den britiske og indiske regjeringa, blei kjent med leiaren av ein global matematikk-allianse med fokus på utviklingsland, og fekk vere med på spennande seminar med blant anna The Spencer Foundation og Julian Fraillon, som forskar på den digitale kompetansen til barn og unge.

– Eg fekk også gleda av å helse på ein personleg heilt i fagfeltet, David McIntosh, eit av dei største namna i verda når det gjeld utagering i klasserommet og arbeid med barn på autismespekteret, seier Greve.

Vellykka spelkveld med OsloMet-studentar

Under konferansen arrangerte Bjørn Olav Greve og John Christian Gulvik i samarbeid med CIES ein interaktiv og sosial spelkveld. Arrangementet inkluderte brettspel som sjakk og UNO, videospel på arkademaskiner, og moderne VR-spel som let deltakarane utforske virtuelle verder. 

Menneske som sit rundt eit bord og speler brettspel.

Både digitale og analoge spel var representert under den livlege spelkvelden i regi av OsloMet Gaming og CIES. Foto: Joe Underbakke

– Spel har ei lang historie innan utdanning, frå opphavet til sjakken i det gamle India som eit verktøy for strategisk tenking, til dagens digitale læringsplattformer og VR-teknologi. Spelkvelden viste korleis spel kan fremme samarbeid, problemløysing og kreativitet på tvers av faglege og kulturelle grenser, seier Halla Holmarsdottir.

Inspirasjon til vidare arbeid

Louise Mifsud og Jeanine van Halteren frå fakultetet var også representert på konferansen, med digitale bidrag.

Konferansen fekk støtte av EU-prosjektet Strategier for å oppnå sosial utjamning og inkludering i utdanning, opplæring og læring i det demokratiske Europa (STRIDE), som Holmarsdottir også representerte på konferansen. 

– Konferansen gav inspirasjon til å halde fram med å utvikle utdanning som møter krava i ein digital tidsalder. No gleder vi oss til å møte kollegaene våre igjen på CIES 2026, seier Holmarsdottir.

Publisert: 29.04.2025 | Siv Tonje S. Håkensen | Solfrid Hartberg | Foto: Joe Underbakke