Seks personar står i ei trapp innandørs på studiestad Kjeller

Yrkesfagleg fordjuping: lærarane treng meir tid til å følge opp elevane

Faget yrkesfagleg fordjuping er prega av stor variasjon, i organisering, gjennomføring og vurdering. Sjølv om intensjonane med faget er gode, opplever lærarane at dei ikkje har tilstrekkelege ressursar til å følge opp læringa og behovet til elevane, viser ny forsking på feltet.

– Faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) blei innført med Kunnskapsløftet LK06, under namnet Prosjekt til fordjuping. Strukturendringane førte vidare tendensen frå reform 94 med færre og breiare utdanningsprogram og programområde, sa instituttleiar Anna Hagen Tønder då ho ønskte velkommen til lunsjseminar ved OsloMet.

Nytt namn, same utfordringar

Eit viktig formål var at elevane skulle få høve til prøve seg i aktuelle yrke tidleg i opplæringa, basert på både behovet til elevane og behovet til arbeidslivet for yrkesfagleg kompetanse.

Tønder jobba sjølv med Fafo sin evaluering av Kunnskapsløftet og innføringa av Prosjekt til fordjuping. Evalueringa viste at det nye faget gav positive resultat i form av betre grunnlag for utdanningsval og auka motivasjon blant elevane, og at det var ein viktig arena for rekruttering av lærlingar. 

– Samtidig såg vi at det var store variasjonar i korleis undervisninga blei gjennomført, og at det var eit stort potensial for vidareutvikling når det gjaldt YFF, fortalde ho.

Stor variasjon i dagens organisering

Ei gruppe forskarar ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning har kartlagt korleis YFF blir organisert i dag.

Lærarane som har deltatt i undersøkinga oppgir at dei opplever eit skilje mellom formålet i vg1 og vg2. I Vg1skal elevane bli kjente med arbeidslivet, forventningar til arbeidstakarar og førebygge feilval. I vg2 handlar det om at elevane kan jobbe målretta mot fordjuping i eige yrke, nettverksbygging og førebuing til læreplass.

– Resultata viser at det er stor variasjon i organiseringa, kor mange undervisningstimar lærarane har, og kor mykje elvane er ute i praksis, sa universitetslektor Marie Syverstad.

– Nokre skolar tilbyr samanhengande praksisveker, mens andre tilbyr enkeltdagar, som ikkje gir tilstrekkeleg innblikk i faget. Dette påverkar læringa og utbyttet til elevane. For elevar som ikkje kan eller vil gjennomføre ekstern praksis, må lærarane organisere YFF internt på skolen samtidig.

Hovudutfordringa for lærarane er at YFF blir nedprioritert når andre behov melder seg. 

– Tidsressursen som er sett av til oppfølging av elevar i bedrift, heng ikkje saman med faktisk bruk, seier ein av informantane i studien. 

Personavhengig samarbeid

Undersøkinga viser også at samarbeidet med leiinga kan opplevast utfordrande og krevjande for lærarane. Lærarane oppgir at dei får støtte, samtidig som dei står aleine med ansvar for organisering og oppfølging. Dette tar tid, og kvaliteten avheng av enkeltlærarar sin innsats og kapasitet.

Også i samarbeidet med arbeidslivet er det variasjon, viste undersøkinga.

– Lærarane opplever at samarbeidet med arbeidslivet handlar mest om praktisk gjennomføring og lite om innhald, sa universitetslektor Marianne B. Monrad-Krohn.

– Samarbeidet er ofte uformelt og personavhengig. Lærarar med store nettverk får sendt mange elevar ut i praksis. Dersom bedrifter trekker seg, må lærarane finne nye. Nokre bedrifter ønsker seg dei beste elevane, som kan bli lærlingar seinare.

Lite samarbeid mellom skole og bedrift om vurdering 

– Vurdering skal ta utgangspunkt i lokale læreplanar i YFF og skal sjå på den samla kompetansen til elevane, ikkje eitt gjennomsnitt. Eit viktig prinsipp er at det skal leggast til rette for at elevane får vise kompetansen sin på ulike måtar, sa universitetslektor Torill H. Møllerhagen i innlegget sitt.

Undersøkinga viser at underveisvurdering i skole skjer i form av konkrete arbeidsoppgåver frå skolen, som oftast i form av logg og at elevane presenterer yrkesrøynsler for resten av klassa. I bedrift nyttar ofte rettleiarane eigne vurderingsskjema som rangerer prestasjonane til elevane på ulike område. 

Lærarar svarer også at det kan vere uklart kva som skal prioriterast i underveisvurderinga. Fleire lærarar peikar på utfordringar knytte til vurdering i vg2, særleg der dei har avgrensa høve til oppfølging. 

– Sluttvurderinga skal baserast på samla innsats frå skole og bedrift, men forskinga viser at det generelt er svært lite samarbeid mellom arbeidsliv og skole om sluttvurderinga, sa Møllerhagen.

Årsaker til variasjon 

Forskinga viser at det er variasjon i organiseringa mellom fylke, utdanningsprogram, skolar, internt på skolar og mellom vg1 og vg2.

Dosent Halvor Spetalen peika på fleire årsaker til kvifor organiseringa, gjennomføringa og vurdering av YFF varierer så mykje:

Vegen vidare for YFF: Nasjonale prinsipp kombinerte med lokal tilpassing

Forskinga viser at lærarane ønsker å etterleve intensjonen og formålet med YFF-faget, men at dei opplever at oppfølging er vanskeleg av organisatoriske og ressursmessige årsaker.

Førstelektor Kaija-Liisa Magnussen skisserte tre moglege vegar for å utvikle faget vidare: vidareføring av dagens praksis, nasjonale rammar eller ein kombinasjon av begge.

Ho fortalde at å halde fram med dagens organisering gir fleksibilitet og fridom til tilpassing til lokalt næringsliv og behovet til elevane. Organiseringa kan likevel føre til at faget ikkje gir realistisk arbeidslivserfaring innanfor yrka elevane ønsker, som kan gå ut over motivasjonen deira. Dette kan svekke faget, og gjere det mindre attraktivt for lærarar å undervise i faget.

Innføring av stramme nasjonale rammer kan på den andre sida føre til meir likskap og felles krav. Dette kan gjere YFF mindre relevant for små fag og distrikt, og føre til meir byråkratisering, som tar tid vekk frå oppfølging av elevar. 

OsloMet-forskarane meiner at ein kombinasjon av nasjonale prinsipp og lokal fleksibilitet vil styrke statusen til YFF-faget. 

– Dette vil ha mange positive ringverknader i form av ei tydeleg ansvarsfordeling, større anerkjenning av kvalitet i yrkesopplæringa, betre forankring av samarbeidet mellom skole og bedrift og til slutt meir systematisk og heilskapleg vurderingspraksis, avslutta Magnussen.

Om undersøkinga

Rapport

Spetalen, H., Johnsen, K. L., Syverstad, M., Møllerhagen, T. H., Magnussen, K-L. & Bergskaug, M. (2025). Organisering av faget Yrkesfaglig fordypning – mer av det samme? (nva.sikt.no). OsloMet – storbyuniversitetet

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 11.10.2025 | Eva Skals Johnskareng | Foto: Eva Skals Johnskareng