Ruhi Tyson og Hedvig Skonhoft Johannessen i podkaststudio.

Yrkesutdanning og danning med Ruhi Tyson

Yrkesutdanning eller danning? Danning til yrke? Eller både yrke, utdanning og danning? Hedvig Skonhoft Johannessen og Anders Grydeland har snakka med Ruhi Tyson ved Stockholms universitet om dette.

Tyson har sveinebrev (gesällbrev) som bokbindar, og etter kvart ei doktorgrad i pedagogikk frå Stockholms universitet på ei avhandling om Danning i yrkesfag – The rough grounds (2017). No arbeider han som dosent i pedagogikk ved Stockholms universitet og lærer ved Waldorflärarhögskolan (Steinerskolelærerhøgskolen) i Stockholm. 

Han har ei særeigen interesse for danning, «bildning» som det blir kalla på svensk (utbildning), praktisk visdom, pedagogikk som eit frirom og kapasitet for handling. Tyson er programleiar i Bildningspodden ved Stockholms universitet (anekdot.se).

Høyr episoden av Yrkesfagpodden:

Og alle andre stader ein kan høyre podkast.

Les meir om Yrkesfagpodden.

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.
 

Publisert: 14.05.2025 | Anders Grydeland | Foto: Anders Grydeland