English version
Fakultetsstyret står oppstilt ute på campus.

Fakultetsstyret ved Fakultet for teknologi, kunst og design

Fakultetsstyret ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) er det øvste organet til fakultetet, og rapporterer til rektor via dekanen.

  • Oppgåver og mandat

    Fakultetsstyret utøver i hovudsak makta si gjennom å gjere vedtak om:

    • langtidsplan og budsjett
    • fakultetet sine tertialrapportar og årsrapport
    • strategisk plan for utvikling av utdanningsporteføljen til fakultetet

    Mandat for fakultetsstyra ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)

    Forretningsorden for fakultetsstyra ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)

    Fakultetsstyret kan delegere makta si til dekanen, med mindre det følgjer av delegasjonsfullmakta at fakultetsstyret sjølv skal ta avgjerder.

    Rektor kan delegere oppgåver til fakultetsstyret, med mindre det følgjer av delegasjonsfullmakta at rektor sjølv skal ta avgjerd.

    Fakultetsstyret erstatta fakultetsrådet frå 1. januar 2020.

  • Møte og sakspapir

    Fakultetsstyret sine møte vert haldne for opne dører med unntak av saker som ikkje er offentlege. Observatørar har ikkje talerett.

    Møta vert primært haldne fysisk.

    Oversikt over møtestad og -tidspunkt, og sakspapir til møta finn du i OpenGov (opengov.360online.com)

  • Samansettinga av fakultetsstyret

    Fakultetsstyret har 13 medlemmer:

    • tre tilsettvalde medlemmer i undervisnings- og forskarstilling 
    • éin tilsettvald medlemmer mellombels tilsett i undervisnings- og forskarstilling 
    • éin tilsettvald medlemmer i teknisk og administrativ stilling 
    • tre studentvalde medlemmer 
    • fire eksterne styremedlemmer 
    • Dekanen – som er leiaren i styret
  • Leiaren av fakultetsstyret

    Fakultetsstyret blir leidd av styreleiar (dekanen), og når hen er fråverande av den formelle avløysaren til dekanen. Dekanen er ansvarleg for å leggje fram saker for styret.

  • Sekretariat

    Fakultetsdirektøren er sekretariatsleiar for fakultetsstyret.

  • Arbeidsspråk

    Arbeidsspråket til fakultetsstyret er norsk.

  • Funksjonstid

    • Eksterne styremedlemmer, og varamedlemmene for desse, vert utnemnde for fire år.
    • Styremedlemmer som er fast tilsette ved institusjonen, og varamedlemmene for desse, vert valde for fire år.
    • Styremedlemmer frå studentgruppa, og varamedlemmene for desse, vert valde for eitt år.
    • Styremedlemmer som er mellombels tilsette i undervisings- og forskarstilling, og varamedlemmene for desse, vert valde for eitt år.

    Ingen kan veljast att som styremedlem om vedkommande har fungert samanhengande i vervet i åtte år ved byrjinga av den nye valperioden.

  • Årsplan for saker ut i frå universitetet sin planprosess

    Forkortingar: O Orientering, D Diskusjon og V Vedtak.

    Februar 

    • Oppdragsbrev til TKD (O)
    • Årsrapport (V)
    • Kvalitetsrapport for utdanning (D)
    • Langtidsplan (O)
    • Langtidsbudsjett (O)

    April 

    • Langtidsplan: Risikobiletet (O)

    Juni 

    • Langtidsplan: Risikobiletet (D)
    • Langtidsbudsjett med måltal (O) 
    • Tertialrapport 1. tertial (V)
    • Møtedatoar for det påfølgjande året (V)

    September 

    • Rammefordeling (O)
    • Langtidsplan med risikotiltak (D)
    • Langtidsbudsjett med måltal (D)

    Oktober 

    • Langtidsplan med risikotiltak (V)
    • Langtidsbudsjett med måltal (V)
    • Tertialrapport andre tertial (V)
  • Saker som fakultetsstyret handsamar

    I tillegg til desse sakene som korrelerer med OsloMet sin planprosess, handsamar fakultetsstyret større saker som har noko å seie strategisk. Andre saker vert melde inn i linja.  

    Den leiaren som har hovudansvar for saka, ser til at saka er handsama i andre relevante utval eller råd ved fakultetet, før ho kjem opp til fakultetsstyret.

    Dersom saka ikkje er handsama i andre relevante utval ved fakultetet, er siste frist for innmelding av sak i linja til fakultetsstyret, seks veker.

    Dersom saka har vore handsama i andre relevante utval ved fakultetet, er siste frist for innmelding av sak i linja til fakultetsstyret, to veker.

    Styreleiaren vedtek saksliste for kvart møte ut frå den tida som er tilgjengeleg i møtet. 

    Styre, utval og råd sentralt ved OsloMet og andre utval og råd ved fakultetet TKD, har eigne fristar for saksgang.

  • Aktuelle lenker

Medlemmer

Fire eksterne styremedlemmer

Vara, dei er korkje numeriske eller personlege:

Tre tilsettvalde medlemmer i undervisings- og forskarstilling:

Ein tilsettvald medlem som er mellombels tilsett i undervisings- og forskarstilling:

Ein tilsettvald medlem i teknisk og administrativ stilling:

Tre studentvalde medlemmer: