Fenomenologi (PHUV9330)

Enkeltemne ph.d.

Dette emnet tar opp fenomenologi i relasjon til utdanningsvitskap. Emnet kategoriseres som et valfritt emne.

  • Opptakskrav og søknadsfrist

    Søknadsfrist

    Søknadsfristen er 1. juni.

    Suppleringsopptak 

    Dersom det framleis er ledige plassar etter at hovudopptaket med frist 1. juni er fullført, opnar me opptaket for supplering. Her gjeld fyrstemann-til-mølla-prinsippet. Suppleringsopptaket er eventuelt opent frå 15. juni med søknadsfrist 1. august.  

    Opptakskrav

    Emnet er primært for studentar som er tatt opp i ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning, men vil vere ope for andre som ønskjer å fordjupe seg i feltet utdanningsvitskap, lærarutdanning og skule. Målgruppa er ph.d.-studentar som har eit fenomenologisk perspektiv i avhandlingsarbeidet sitt eller som er opptatt av å posisjonere sitt eige prosjekt i relasjon til fenomenologien.

    Opptakskrav til enkeltemne for eksterne søkjarar

    Under føresetnad av at det er ledige plassar kan søkjarar med fullført 5-årig masterutdanning innan lærarutdanning eller anna utdanning på tilsvarande nivå som er relevant for lærarutdanning søkje om opptak til enkeltemne.

    Søkjarar som ikkje er tatt opp til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning må sende inn eit samandrag på om lag 1 A4-side med informasjon om eige ph.d.-prosjekt eller anna prosjekt/interesseområde med tema, metode, teoretisk innfallsvinkel, kvar dei eventuelt er i ph.d.-løpet og korleis dette emnet er relevant for eige prosjekt.

    Oppstart av emnet forutsetter at minst fem kandidater får opptak.

     

  • Slik søker du

    Har du tidlegare tatt ph.d.-kurs på programmet?

    Då har du meist sannsynleg framleis studierett.

    Meld deg opp til undervising og vurdering via Studentweb.

    Har du problem med dette, vêr vennleg kontakt oss på phd-lui@oslomet.no

    Søker du for fyrste gong?

    Du som er søker for fyrste gong, må følgje denne oppskrifta:

    1. Registrer deg som søkar i Søknadsweb.
    2. Last opp all naudsynt dokumentasjon i Søknadsweb.

    Krav til dokumentasjon:

    Sjå kva for ein kategori du tilhører og kva slags dokumentasjon du må laste opp i Søknadsweb:

    • Stipendiatar på eit ph.d.-program ved OsloMet:
      • Ingen krav om dokumentasjon.
    • Stipendiatar på eit ph.d.-program utanfor OsloMet (ved norsk universitet/høgskole):
      • Stadfesting frå ph.d.-programmet du er tatt opp på: Må innehalde namn på ph.d.- programmet, institusjon, samt månad og året du starta.
      • Vitnemål (master)*
      • Karakterutskrift (master)*
    • UF-tilsatt ved OsloMet:
      • Vitnemål (bachelor og master)*
      • Karakterutskrift (bachelor og master)*
    • UF-tilsatt på ein annan høgskole/Universitet enn OsloMet (ved norsk universitet/høgskole):
      • Vitnemål (bachelor og master)*
      • Karakterutskrift (bachelor og master)*
      • Arbeidsstad: Nettlenke til din tilsattside på arbeidsstaden din: skal skrives på merknadsfeltet i Søknadsweb
    • Andre søkarar:
      • Stadfesting på identitet – kopi av pass*
      • Vitnemål (bachelor og master)*
      • Karakterutskrift (bachelor og master)*
      • Arbeidsstad: Nettlenke til din tilsattside på arbeidsstaden din: skal skrives på merknadsfeltet i Søknadsweb

    *Gjeld ikkje søkarar med mastergrad frå OsloMet.

    Det er obligatorisk for alle som søkar for fyrste gong å gjere dette. Søknadar hvor dokumentasjon manglar vil ikkje bli behandla.

  • Emneplan for PHUV9330

    Detaljert informasjon om arbeidsformer, vurdering m.v. finn du i emneplanen på student.oslomet.no.

  • Undervisings- og eksamensdatoar

    Du finner undervisings- og eksamensdatoer når dette er klart på Timeplan på nett (tp.educloud.no). Tast inn emnekode PHUV9330. Husk riktig semester i nedtrekksmenyen.

Faglig ansvarlig

Gunn Helene Engelsrud (hvl.no)

Har du spørsmål om emnet?

    Laster inn ...