Masteren gir fagleg tyngde til lærarrolla

et strikketøy, med hun som strikker duset ut i profil i forgrunnen. Man kan skimte en annen som også strikker i midten av bildet, lengre frem.

Silje Stokka og Vanja Dahl Mostue går andre året på master i estetiske fag, studieretning fagdidaktikk: kunst og design. Dei to studentane har ulik bakgrunn, men begge stortrivst på studiet og brenn for god undervising i dei praktisk-estetiske faga. Vanja har tatt bachelorstudiet faglærarutdanning i design, kunst og håndverk, medan Silje har tatt grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, og har matematikk, naturfag, pedagogikk og kunst og handverk i fagkrinsen.

Silje fortel at ho først høyrde om denne masteren då ho tok kunst og handverk siste året på grunnskuleutdanninga.

– Eg opplevde kunst og handverk-faget som stort, med veldig varierande innhald, og ønskja meir fagleg tyngde etter å ha tatt 60 studiepoeng. Masterstudiet gir moglegheit til å verkeleg fordjupe seg i det du brenn for, lære meir og bli betre rusta til å arbeide i den framtidige skulen, som blant anna har fokus på djubdelæring og praktisk-estetiske fag. 

For Vanja var det eit naturleg val å gå vidare med ein master i estetiske fag.

Portrettfoto av Vanja. Hun smiler og ser rett inn i kameraet.

Kunst- og designdidaktikk

Studieretninga fagdidaktikk: kunst og design har fått nytt navn og heiter no kunst og designdidaktikk. 

Rosar studiemiljøet og lærarane

– Eg føler eg har vore veldig heldig med både studiemiljøet og lærarane, smiler Vanja.

– Studiemiljøet er kjempebra og alle medstudentane kjem godt overens og har det gøy saman, noko som er veldig viktig. I tillegg er vi flinke til å dele erfaringar, drøfte kvarandre sine idear og hjelpe kvarandre på eit profesjonelt nivå - samtidig som vi går ut og et saman, har klassefestar og ler mykje saman.

– Vi er ei lita gruppe, noko som skapar tette bånd og gjer at lærarane ser studentane. Janne Reitan og Liv Merete Nielsen er kjempegode klasseleiarar og motivatorar. Dei har gjort studietida spanande og morsom på same tid.

Silje nikkar.

– Vi er gode på å dele erfaringar, le og ha det hyggeleg i lag. I tillegg har vi hatt ein del samarbeid og felles undervising med dei andre studieretningane på master i estetiske fag og med deltidsstudiet, noko som har vore veldig fint. Ein får då sett ein større breidde, med ulike moglegheiter og andre innfallsvinklar.

Godt forberedt til masteroppgåva

Jentene er godt i gang med masteroppgåvene sine og fortel at lærarane har vore flinke til å skape engasjement, og at dei har vore opptekne av at studentane skal velje tematikk for masteroppgåva så tidleg som mogleg.

– Det gjer at vi arbeider med temaet vi vel i lang tid, slik at vi er best mogleg forberedt på sjølve masteroppgåva, seier Vanja.

– Eg skriv om samisk kultur og duodji i kunst og handverk. Eg tek utgangspunkt i LK06 og LK20, og har intervjua lærarar i kunst og handverk og lærarar i duodji for å sjå på vektlegginga av det samiske i skulen og korleis det kan aktualiserast. 

Silje arbeider med utforskande prosessar i trearbeid i si masteroppgåve.

– Eg har intervjua fire informantar med ulik bakgrunn innan trearbeid, i tilknyting til skule og/eller som profesjonell yrkesutøvar.

– Diskusjonane i fagfeltet understrekar viktigheita av å lære trearbeid i skulen. Med ein utforskande tilnærming blir elevane kjent med trearbeid gjennom nysgjerrigheit og får moglegheita til å finne ut av noko sjølv. Det er ein spanande tematikk som er svært dagsaktuell.

Relevant utdanning

Det er berre nokre månader att til mastergraden er i boks.

– Kva tenkjer dykk om framtida og arbeidsmarknaden? 

– Fordi den nye læreplanen vektlegg praktisk-estetiske fag, opplev eg at skulane også er interessert i å tilsette fleire lærarar med praktisk-estetisk bakgrunn, fortel Silje. Ho har allereie fått tilbod om, og takka ja til, ein jobb på Riska ungdomsskule i Sandnes.

– Eg som også har undervisingskompetanse i naturfag og matematikk, i tillegg til ein fordjupning i kunst og handverk, opplev at arbeidsmarknaden ser på min bakgrunn som svært attraktiv.

Også Vanja syns utdanninga er veldig relevant og syns dei får mange gode innspel til bruk i arbeidslivet. Ho trur arbeidsmarknaden kan vere litt meir utfordrande for ho, fordi ho berre har eitt fag og det ikkje er så veldig mange stillingar av den typen. Men ho er likevel ved godt mot.

– Vi skal ha jobbsøkarkurs snart, slik at vi kan få meir informasjon om korleis ein går frem, og det ser heile klassen frem til.

– Forhåpentlegvis får eg jobb i skulen i løpet av dei neste månadane, eg er open for både grunnskulen og vidaregående, fulltid, deltid eller vikariat - det viktigaste no er å få ein fot innanfor for å få litt erfaring. 

Silje gler seg til å starte i ny jobb etter endt studium. Ho fortel at ho har hatt lyst til å bli lærar sidan 9. klasse, då ho opplevde gleda ved hjelpe ein medelev til å forstå ulike reknestykke i matematikk.

Praktisk-estetiske fag er viktige!

Både Silje og Vanja er opptekne av dei estetiske faga sin plass i skulen.

– Praktisk-estetiske fag er viktige av så mange ulike grunnar, seier Silje og fortset.

– Det er viktig for elevanes danning. Alle elevar vil ha nytte og glede av grunnkunnskapar i praktisk-estetiske fag.

– I tillegg trur eg praktisk-estetiske fag vil spele ein stor rolle for rekrutteringa til yrkesutdanningar. Samfunnet vårt treng blant anna gode handverkarar. Eit anna samfunnsbehov er innovasjon.

– Praktisk-estetiske fag skil seg også frå andre fag i undervisingsstil, der elevene i større grad får vere aktivt med i eige skapande arbeid. Skaparglede og variasjon er viktig i elevanes skulegang, understrekar hun.

– Alle elevar er ulike, dei engasjerast av ulike tilnærmingar. Det er difor nødvendig at ein også har praktisk-estetiske tilnærmingar, slik at alle elevar opplev å bli stimulert til læring, og får moglegheit til å mestre eige liv og skulegang. 

Vanja er einig.

– Estetiske fag er fag der barn og unge får moglegheit til å uttrykke seg sjølv og sine følelsar gjennom andre handlingar enn ord.

– Det er også viktig å lære å bruke hendene og hovudet saman. Det å kunne fysisk lage noko og kunne føle på materialer, lære fingernemheit, handverksmessig kompetanse og sjå samanhengar er givande og vil vere nyttig på flere område i livet. 

Silje smiler og ser inn i kameraet

Anbefalar studiet

– Dette er eit veldig bra studium med inspirerande lærarar. Eg ville aldri vore foruten opplevinga eg har hatt dei siste to åra, smiler Vanja.  

– Har du lyst til å ta dette studiet, så gjer det! Det er givande og spanande, ei god blanding av teori og praktisk-estetisk arbeid. Ein master i estetiske fag opnar opp for mange jobbmoglegheiter, ikkje berre i skulen.