Korleis lagar du ein film som når fram til andre? Du begynner med deg sjølv, ifølgje førstelektor Jon Jerstad, ansvarleg for studia ved OsloMet.
– Dess meir du jobbar med film, dess meir bevisst blir du på at alt du lagar, har ei kjelde i din eiga forståing av verda. Men då er det viktig at du får teste det du lagar, på andre, seier Jerstad.
Han har sjølv fleire tiår bak seg med filmproduksjon og filmundervising i inn- og utland. I 2013 starta han opp filmkunststudiar ved OsloMet. Dette er i dag ei samlingsbasert vidareutdanning i to delar, kvar på 30 studiepoeng.
Her får studentane vise det dei lagar undervegs til medstudentar – i ein eigen kinosal på OsloMet, som Jerstad fekk støtte til å byggje i fjor.
Amanda og Noregspremiere
Monica Strømdahl, som i oktober 2026 fekk Amanda-prisen for filmen «Flophouse America», er blant dei tidlegare filmkunst-studentane. Ho skildrar erfaringane med studiet slik:
– Det å få vere del av eit miljø med andre filmskaparar, der ein kan diskutere, utfordre kvarandre og få ærlege tilbakemeldingar, betydde mykje. Filmkunst var eit trygt rom for å utforske eigne idear og reflektere over vala ein tar som filmskapar. I tillegg blei dei eg studerte med, både venner og eit viktig nettverk for meg.
Studiet handla ikkje om å finne éin riktig måte å lage film på, fortel ho.
– Det handla heller om å bli meir bevisst på kvifor ein gjer dei vala ein gjer.
Linn Helene Løken er ein annan tidlegare student. Ho hadde nyleg Noregspremiere med filmen In Defense of Self (imdb.com), ein film Jon Jerstad trur vil få mykje merksemd framover.
Heile produksjonsselskapet Morild Film AS, som har produsert "In Defense of Self". Dei er alle tidligare studentar frå filmkunst: Kari Nøst Hegseth, Daniel Spildra Borg, Anika Miara og Linn Helene Løken saman med fagleg ansvarleg for filmkunststudiet Jon Jerstad og regissør Monica Strømdahl som står bak "Flophouse America".
– Alle vart tekne på alvor
I filmen følgjer Løken ein mann med mental sjukdom som strevar i møte med hjelpeapparatet, og som har bandopptakar på seg den dagen han blir skoten og drepen av norsk politi.
– Studiet viska bort alle idear om korleis ein filmskapar «bør vere». Sjølv om vi hadde ulike bakgrunnar, blei vi tatt på alvor som filmkunstnarar frå dag éin. Eg fekk ei mykje større sjølvtillit til mi eiga stemme og min eigen intuisjon som filmkunstnar, seier Løken.
Også ho skildrar miljøet som eit «trygt rom»:
– Alle ønska kvarandre berre det beste.
Ein annleis veg inn i filmverda
Ifølgje Jon Jerstad har mange av filmkunst-studentane erfaring frå arbeidslivet, men ikkje alle har laga film før.
Mens Monica Strømdahl har bakgrunn som fotograf, hadde Linn Helene Løken laga éin film tidlegare. Ho har likevel ein annan studiebakgrunn.
– Litt av intensjonen med utdanninga, har vore å gje folk ein litt annleis veg inn i filmverda, sjølv om det også finst folk på innsida av denne verda som nyttar seg av moglegheita, seier Jerstad.
Han kallar studiet «hemmeleg» fordi det er lite kjent.
– Mange av studentane våre har fått vite om studiet på grunn av andre som har gått her.
Å sjå verdien av si eiga livserfaring
Han meiner at det som kan skje i ei gruppe på 10-20 heilt ulike menneske, når dei viser kvarandre kva dei jobbar med, er uvurderleg.
– Dei færraste av oss er opplærte til å kunne beskrive presist kva som skjer med oss når vi opplever noko. Men dette er det viktig å lære, om vi ikkje berre skal kopiere flosklar. Derfor trenar vi på dette saman.
Det handlar om å lære at det som er «oss», er verdifullt, utdjupar han – både når ein gjev tilbakemelding til andre, og når ein sjølv lagar film.
– Det betyr ikkje nødvendigvis at vi skal lage filmar om oss sjølve, men om at livserfaringa vår er verktøyet vårt. Tradisjonelt sett har ikkje dette blitt tillagt stor vekt i norske filmutdanningar, men internasjonalt er det fleire som tenkjer på same måte.
Toppbilete: Stillbilete frå filmen Flophouse America av Monica Strømdahl. På grunn av bustadkrisa i USA, må stadig fleire familiar bu i billege og forfalne hotell, såkalla flophouses. Filmen "Flophouse America" følgjer tolv år gamle Mikal, som har levd heile barndomen på eit lite hotellrom saman med foreldra sine.
Fakta
- Filmkunst-studiane er samlingsbaserte, og undervisinga skjer på kveldstid og i helgar.
- Kvart studium gjev 30 studiepoeng.
- Fordi audiovisuelle uttrykk blir stadig viktigare, styrka OsloMet i 2026 satsinga ved å etablere ein eigen kino for visningar av studentane sitt arbeid. Dette er gjort i samarbeid med Institutt for estetiske fag og journalist- og mediefagmiljøet ved OsloMet.
Kjelde: Instituttleiar Liv Klakegg Dahlin