Tar du ein bachelor i produktdesign, lærer du å lage produkt og tenester som gjer kvardagen enklare og meir berekraftig. Tredjeårsstudentane Åshild Limstrand (28), Tobias Hogne Hogstad (25), Ariel Hammer (24) og Ida Marie Steen Tveitan (27) fortel at dei har lært mykje både om faget og seg sjølve.
– Då vi begynte på studiet, tenkte vi for eksempel ganske snevert om kva produktdesign innebar. No veit vi at det kan handle om alt frå gjenstandar vi omgir oss med til system som forenklar byråkratiske prosessar, fortel dei.
Fire intense designveker
I emnet «Prosjekt designkontor» jobba dei saman med åtte studentar frå trinna under seg om eit designprosjekt for Oslo Badstuforening.
Det var ikkje eit krav at prosjektet skulle realiserast fysisk, men dei ønska å få det til – og hadde fire veker på seg. I løpet av den tida skulle dei både bli kjende med oppdraget og kvarandre, jobbe fram ein idé og gjennomføre han.
– Det var intenst, oppsummerer Tobias.
Fjordportalen gjev badstuegjester informasjon om miljøtiltak i fjorden. Design-teamet på tolv vart leia av studentane Ida Marie Steen Tveitan (f. v.), Åshild Limstrand, Ariel Hammer og Tobias Hogne Hogstad. Foto: Silje Pileberg
Skulle synleggjere miljøprosjekt i Oslofjorden
Oslo Badstuforening har fleire miljøprosjekt i fjorden. Mellom anna har dei, i samarbeid med bedrifta Urban Ocean, sett ut rundt tusen meter tau med blåskjel under badstuene ved Sukkerbiten i Oslo. Blåskjel reinsar vatn, og desse skjela reinsar rundt 8 millionar liter vatn kvart døgn.
Eit flott tiltak – som omtrent ingen visste om.
– Oppdraget vårt var å gjere prosjekta kjende. Badstuegjestene måtte få vite om det og gjerne hjelpe til med å spreie bodskapen, fortel studentane.
Løysinga vart Fjordportalen
Heile den første veka gjekk til research, før dei begynte ideutviklinga. Det var i denne første fasen dei fann ut at badstuegjestane er ivrigast på sosiale media når dei er på veg ned i vatnet.
– Dermed ville vi lage noko folk kunne sjå på veg uti.
Dei brukte skulens lokale til snikkararbeid, og i dag står installasjonen ferdig: ein pastellblå portal midt på brygga der dei fleste plaskar uti. På portalen står undervassprosjekta kort forklarte, og det finst QR-kodar for meir info.
Alle vart fornøgde – både studentane og badstueforeininga.
Foto: Silje Pileberg
Avslutta kvar dag med god stemning
– Vi har verkeleg lært mykje, både om å utvikle og gjennomføre eit prosjekt og om å jobbe i team, fortel dei.
Som avgangsstudentar hadde dei ansvar for å leie gruppa på totalt tolv studentar.
– Det var viktig for oss å skape gruppeidentitet tidleg for å få tillit til kvarandre. Første dag delte vi ut heimesydde saunahattar og hadde ein liten seremoni, der alle blei innvigde i «Sauna Sisters», fortel Åshild.
Dei hadde også felles måltid, og dei avslutta lange arbeidsdagar – eller kveldar – med låten «We Are Family».
– Det var heilt vesentleg! Vi hadde lange og intense dagar, men vi avslutta alltid med god stemning. Da gleda vi oss til neste dag, seier Tobias.
Foto: Studentane
Har lært mykje om seg sjølve
Dei fire meiner at dei har lært mykje i løpet av dei tre åra på studiet, både om produktdesign, om verda rundt seg og om seg sjølve: Dei har pusha seg når dei har tenkt at dei ikkje ville klare meir, dei har handtert friksjon og dei har bygd relasjonar til kvarandre – og til klientar.
Åshild fortel at ho også har lært mykje om å ta val.
– Det har eg alltid vore kjempedårleg til. På dette studiet har vi tatt val kontinuerleg, og det har av og til vore mega-ubehageleg å stå i. Men det er enklare etter at du først har opparbeida deg ei innsikt i eit tema, seier ho.
Ser moglegheiter overalt
Berekraft er sentralt på studiet. Løysingane studentane jobbar med, skal kunne bidra til eit betre samfunn. Dei understrekar at berekraft kan vere mykje forskjellig.
– Det kan handle om alt frå gjenbruk til å endre ei produksjonslinje for å korte ned transporten. Eller det kan vere systemendringar som kortar ned ventetida til kreftpasientar, seier dei og legg til:
– På studiet har vi blitt klare over mange ting som kan bli betre. Men vi har heller aldri sett fleire moglegheiter.