Kinga, Viktoria og Thorstein vil inn i motebransjen

Kinga, Viktoria og Thorstein i syverkstedet foran en sømbyste.

– Det er ikkje så viktig kva du kan frå før. Du lærer det du treng i løpet av studiet. Men du må ha stå-på-vilje og vere villig til å legge ned ein stor innsats i periodar, sier Kinga Zablocka (24), som no går sitt tredje år på bachelorstudiet i kunst og design, studieretning mote og produksjon.  

Kinga har tidlegare tatt ein bachelor i filmvitskap, men ville vidareutvikle sine kreative evner i ein litt anna retning.

– Eg har alltid vore opptatt av handverk og det å jobbe praktisk. Årsaka til at eg valde å søke meg til OsloMet var at det er det einaste motestudiet som ikkje har opptaksprøvar, det er mykje praksis, og det er eit offentleg skuletilbod, fortel ho.

Må ikkje kunne sy for å studere mote og produksjon

Sjølv om ein del av studiekvardagen føregår bak ei symaskin, treng du ikkje å vere veldig flink til å sy frå før. Faktisk kan du begynne på studiet utan å ha sydd så mykje som ein gryteklut tidlegare.

Thorstein og Viktoria ser på stoffprøvar ved sybordet.

Tek du bachelor i kunst og design, studieretning mote og produksjon, må du rekne med å tilbringe ein del timar i systova - eller klasserommet, som det også kallast.

Thorstein Fretheim (29) har tidlegare studert blant anna medievitskap, og hadde ikkje mye praktisk erfaring med søm.
– Eg har vel sydd eit forkle på barneskulen, seier han.

Det studentane manglar av erfaring, tek dei imidlertid raskt att. I starten er læringskurven bratt, og du må rekne med å jobbe lange dagar i klasserommet.

– Mote og produksjon er ikkje eit lett studium der du kan rekne med å gå heim klokka fire hver dag. I prosjektperiodar er det veldig intenst, vi er på skulen nesten heile døgnet, fortel Viktoria Saxegaard (22).

Viktoria ved symaskina.

Viktoria Saxegaard har alltid hatt ein draum om å bli klesdesignar.

Godt rusta til arbeidslivet

Draumen om ein karriere i motebransjen er ikkje blitt mindre etter at ho begynte å studere mote og produksjon. Viktoria føler at studiet gjer ho godt rusta til det som vil møte henne dersom ho er så heldig å få jobb i ein norsk mote-, og tekstilbedrift.

– I praksisperioden jobba jeg hos et norsk merke som heiter Maud. I de åtte vekene var eg meir og mindre som ein vanlig tilsett. Eg fikk prøve meg på mykje forskjellig, alt frå design til å ha møter med produksjonsbedrifter over Zoom. Eg målte opp materiale til prototypar og var med på det meste av det som skjer i ein bedrift som designar og produserer klede, sier Viktoria.

Det finst i dag svært få norske klesmerker som produserer i Norge, slik at det å ha kontakt med produsentar i utlandet er ein viktig del av ein jobb i eit motemerke. I løpet av studiane tilegnar ein seg grunnleggjande ferdigheiter i søm – men det er ikkje meininga at ein skal jobbe med å sy klede.

– Noko av det som er bra med studiet på OsloMet, er at det er veldig fokus på korleis vi skal komme ut i jobb og det kommersielle i motebransjen, seier Kinga.

Kinga prøver et plagg på sømbysten.

Kinga Zablocka (24) meiner du lærer det du treng undervegs i studiet, så lenge du er villig til å stå på.

Thorstein syns det er veldig positivt at han gjennom studiet får eit veldig breitt spekter av ferdigheiter, ikkje berre det tekniske og materialkunnskap.

– Vi får også innsikt i kreative prosessar og digitale verktøy, dette er eit «must» om vi skal få jobb. I tillegg er studiane lagt opp slik at ein kan dyrke sine interesser i dei ulike prosjekta og «spesialisere» seg til ein viss grad, seier han.

Berekraft i motebransjen

Thorstein vil i framtida gjerne jobbe i ein motebedrift som tek berekraft på alvor.

I praksisperioden jobba han hjå det norske merket Livid, som blant anna tilbyr reparasjon av kleda om noko skulle skje.

– Eg fekk veldig god innsikt i heile verdikjeda i bedriften. Livid er eit merke som stiller krav til at dei som er underleverandørar produserer på ein etisk god måte, og eg fikk lære mykje om korleis dette kan følgjast opp, seier han.

Nærbilde av Thorstein sine hender som set nåler i eit plagg.

– Du må ha lyst til å lære noko nytt og vere innstilt på stor eigeninnsats, seier Thorstein Fretheim.

Eit av delemna studentane har vore gjennom, var eit såkalla «hackaton». Her deltok dei på ein bransjekonferanse der dei fekk konkrete oppgåver frå blant andre den norske produsenten Pierre Robert.

– I «hackaton» hadde vi ein case på strømpebuksene som mange kvinner brukar berre éin gang. Det blir solgt noko sånt som 15 millioner strømpebukser i året, og det er ikkje så veldig berekraftig når dei har kort levetid før dei må kastast, seier Viktoria. 

– Mote og produksjon er for dei «svoltne»

Dei tre studentane er alle innstilt på å komme seg ut i jobb etter at bachelorgraden er i boks, men innser at dette krev stor eigeninnsats. Det gjer også studiet:

– Det viktigaste for å gjere det bra er at du er svolten på å lære noko nytt, og at du er på skulen for å lære, meiner Thorstein, og får anerkjennande nikk av sine medstudentar.

Viktoria, Thorstein og Kinga smiler mot kameraet ved sine arbeidsbord i systova.

Victoria, Thorstein og Kinga rosar studentmiljøet og den tette oppfølginga dei får av lærarane.

Det er undervisning kvar dag, i tillegg til at dei er mykje i klasserommet for å løyse ulike prosjekt og oppgåver.

– For å passe inn her må du ønskje å vere engasjert, nysgjerrig og tørre å satse på dine eigne idear, meiner Kinga.

– Det at vi brukar mykje tid saman og backar kvarandre opp, gjer at miljøet i klassen er veldig bra, seier Thorstein.

Les flere studenthistorier

Tre studenter lager en lame på et verksted. De har alle vernebriller og øreklokker på.
Skaper nytt av gammelt

Studentene ved produktdesign har fått en oppgave med fokus på gjenvinning og miljø.

Publisert: 22.12.2021 | Bjørnhild Fjeld