English version

Utstyr og tilrettelegging for synshemma

Biblioteket P48 er midlertidig stengt

Biblioteket P48, og dermed utstyret og litteraturen nevnt i teksten under, er utilgjengelig grunnet oppussing ut februar 2024.

Utstyr til synshemma

Biblioteket P48 har lese-TV, bok- og tekstskannar til bruk for synshemma og brukarar med spesielle behov. Utstyret er nyttig for svaksynte, dyslektikarar og andre med lesevanskar.

Kontakt Universitetsbiblioteket eller IT-servicedesk i P48 for hjelp med utstyret. 

Teknisk utstyr

Informasjon om andre moglegheiter du har for tilrettelegging på OsloMet (student.oslomet.no).

Tilrettelagd litteratur

Biblioteket P48 har saman med Lesar søker bok bygd opp ei lita samling med tilrettelagd litteratur. I samlinga Lettlest i søketenesta Oria finn du til dømes bøker med stor skrift, enkelt innhald, punktskrift og følebøker (oria.no).

Informasjon om dei ulike kategoriane innan tilrettelagd litteratur på nettstaden Lesar søker bok (boksok.no).

Stemmestyrt søk i Oria

I Oria kan du klikke på mikrofonen i søkefeltet og seie kva du ønsker å søke på (oria.no). Fungerer berre i nettlesarar som støttar Web Speech API, til dømes Chrome.