Mellombels flytting av tenestene
Til og med januar 2024: På grunn av oppussing i Biblioteket P48 er AV-utlån og IT-servicedesk for studentar flytta til rom P372 i 3. etasje i P48. Informasjon om oppussinga.
AV-utlånet og IT-servicedesk i P48
I 3. etasje, rom P372 i Pilestredet 48, kan du låne og få rettleiing i bruk av audiovisuelt utstyr (AV), til dømes lydopptakar, videokamera og projektor.
I tillegg hjelper IT-servicedesk deg med IT-relaterte utfordringar. Her kan du mellom anna få hjelp til problem med program, tilgangar, utskrifter, filer og liknande, i tillegg til problem med datamaskinar og skrivarar på studiestaden.
AV-utlånet
AV-utstyr kan du reservere i søketenesten Oria:
- Alle studentar og tilsette ved OsloMet (oria.no)
- JU-studentar (oria.no)
- MOK1-studentar (oria.no)
- MOK2- og MOK3-studentar (oria.no)
- MOK1-, 2- og 3-studentar (oria.no)
Låne eller førehandsbestille AV-utstyr
- Du kan låne AV-utstyr same dag ved å møte opp i AV/IT-skranken i 3. etasje P48, rom P372, eller førehandsbestille ved å søke opp utstyret du ønsker i Oria (oria.no).
- AV-utstyr må du hente og levere i AV/IT-skranken i 3. etasje, rom P372, i P48.
- Du vil få beskjed på sms/e-post når du kan hente utstyret innanfor bemanna opningstid.
Kontaktinformasjon
- Pilestredet 48, rom P372 i 3. etasje
- E-post: itservicedesk@oslomet.no
- Telefon: 67 23 55 55
Opningstider, AV-utlånet og IT-servicedesk i P48
- Jula: AV-utlånet stenger 15. desember og opnar igjen 2. januar 2024.
- Informasjon om opningstider til IT-servicedesk (student.oslomet.no).