English version

Keenious

Keenious analyserer teksten din og foreslår artiklar basert på tematikken i teksten.

Kva kan Keenious brukast til?

Keenious er eit kunstig intelligens-basert søkeverktøy som anbefaler relevante forskingsartiklar ved å analysere teksten i dokumentet ditt.

Du kan enten bruke Keenious-funksjonaliteten i Word eller laste opp ein PDF til nettsida til Keenious (keenious.com).

Keenious erstattar ikkje tradisjonelle søkeverktøy, men kan brukast som eit supplement. Det er særleg eigna til å få idear og inspirasjon i startfasen av ein tekst, og dessutan til å sjekke om det er fleire relevante referansar som kan nyttast i skrivearbeidet.

Verktøyet analyserer både norske og engelske tekstar, men foreslår berre engelskspråklege artiklar. 

Når du bruker Keenious kan du til dømes markere delar av teksten du ønsker å finne kjelder til, og Keenious viser deretter resultatet i høgre side av dokumentet. Du kan også filtrere "søket" etter emneord (keyword filtering), år eller talet på siteringer (citation count). 

Kort video om korleis bruke Keenious (youtube.com).

Keenious i Word

Som student eller tilsett ved OsloMet finn du Keenious i verktøylinja i Word under Heim.

Har du ikkje Keenious i verktøylinja i Word? Legg til Keenious via Heim og Tillegg, eventuelt Set inn og Skaff deg tillegg, i verktøylinja.

Keenious i nettlesar

Ved å logge deg inn på Keenious si nettside (keenious.com), kan du enten lime inn teksten du ønsker å analysere eller laste opp ei PDF-fil.

På Keenious nettside kan du finne meir informasjon om korleis du kan bruke Keenious i nettlesar (keenious.com).

Kurs i Keenious

Universitetsbiblioteket holder kurs i Keenious. Oversikt over kommende kurs (student.oslomet.no).