Bokskannar
I Biblioteket i P48, 2. etasje, kan du raskt skanne til dømes boksider og bilete, og justere oppløysing, kvitbalanse og anna undervegs. Fila sender du til deg sjølv på e-post, eller lagrar ho på ein minnepinne. Maksgrense for e-postsending er 1 GB, så ta med minnepinne om du skal skanne mykje.
Kontakt Universitetsbiblioteket eller IT-servicedesk i P48 for hjelp med utstyret.
Informasjon om andre moglegheiter du har for tilrettelegging på OsloMet (student.oslomet.no).
Tilrettelagd litteratur
Biblioteket i P48 har saman med "Lesar søker bok" bygd opp ei lita samling med tilrettelagd litteratur. I samlinga "Lettlest" i søketenesta Oria finn du til dømes bøker med stor skrift, enkelt innhald, punktskrift og følebøker (oria.no).
Stemmestyrt søk i Oria
I Oria kan du klikke på mikrofonen i søkefeltet og seie kva du ønsker å søke på (oria.no). Fungerer berre i nettlesarar som støttar Web Speech API, til dømes Chrome.