Arbeidsmiljø, arbeidshelse og profesjon

Vi utforskar det komplekse samspelet mellom arbeidsmiljø og arbeidshelse i eit tverrfagleg perspektiv, med særleg vekt på profesjon, sosial ulikskap og kjønn.

Vi nyttar norske registerdata som omfattar den sysselsette befolkninga i heile landet. For å overkomme avgrensinga til registerdata – mangelen på direkte informasjon om arbeidsmiljøfaktorar – koplar vi registerdata med ulike jobbeksponeringsmatriser (JEM) baserte på dei norske levekårsundersøkingane om arbeidsmiljø.

Desse matrisene kartlegg systematisk kva arbeidsbelastningar og arbeidsmiljøfaktorar sysselsette blir eksponerte for i ulike yrke. 

Med utgangspunkt i norske registerdata og ulike jobbeksponeringsmatriser forskar vi på

Forskingsgruppa er del av forskingsnettverket under Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI).

Forskingsgruppeleiar

Laster inn ...

Medlemmer

Laster inn ...

Meir om forskingsgruppa

Dei forskingsmessige målsettingane til gruppa er å

  • vidareutvikle og validere jobbeksponeringsmatriser (JEMer) til bruk i norske registerdata
  • kartlegge fordelinga av arbeidsbelastningar på tvers av kjønn og yrke i Noreg
  • identifisere risikogrupper som er særleg utsatt for fleire typar arbeidsbelastningar 
  • forske på sosial ulikskap og klasseforskjellar i arbeidsbelastningar
  • undersøke korleis ulike arbeidsbelastningsr påverkar arbeidshelse over tid 

Forskingsgruppa ønsker å

  • synleggjere forskjellar i arbeidsbelastningar mellom ulike yrkesgrupper og kjønn
  • bidra til økt medvit om tydinga av fleire typar arbeidsbelastningar (kombinerte eksponeringar) for arbeidshelsa
  • bidra med kunnskap som kan redusere ulikskap i arbeidsrelatert helse

Samarbeid

Forskingsgruppa består av forskarar frå Fakultet for samfunnsvitskap, Fakultet for helsevitskap og Senter for profesjonsstudiar. Vi har også eit aktivt samarbeid med Statens institutt for arbeidsmiljø (STAMI). 

Publikasjonar